Bjørnestad/Skifjord krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nyeskulen i Skifjorden.
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bjørnestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 gardane Bjørnestad, Rutle, Teige og Drøsdal. I 1893 dekka krinsen gardane Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Rutle og Teige. Denne krinsen vart seinare heitande Skifjord. I 1993 vart krinsen slegen saman med Øen krins.

Før 1942 vart det halde skule rundt om på gardane. Den siste garden som hadde skule før dei flytta inn bedehuset i 1942, var Bjørnestad, der læraren var frå.

Skulehus

Skifjord bedehus

  • Byggeår: 1914
  • Fungerte som skule: 1942-1955
  • Anna bruksområde: Bedehus.

Skifjord skule

  • Byggeår: 1953-55
  • Fungerte som skule: 1955-1993
  • Anna bruksområde: barnehage og grendahus

Skuledagen

Den tida det var skule i bedehuset, var det todelt skule; småskulen og storskulen gjekk på skule annankvar dag.

Bestefar til Gunvor Risnes var lærar. Gunvor var eldste born på garden då bestefaren skulte, og ho syns det var svære greier når borna kom på garden for å bli undervist. Gunvor fekk lov å vere med så lenge ho sat stilt i ro. Ho fekk sitje på ein av benkane i stova medan bestefaren underviste. I 1942 gjekk bestefaren av med pensjon og onkel til Gunvor, Trygve, vart lærar når skulen flytta ned i bedehuset. "Eg ville fortsette eg," fortel Gunvor. "Eg tok med meg ei veske og noko rusk oppe i den og sete meg hard på bedehustrappa. Og der sat eg. Til slutt kom onkelen min ut og sa Jaja, du får vel kome inn då. Eg syns det var fabelaktig med denne unge onkelen som hadde andre metodar enn bestefaren." Gunvor fekk lov å følgje klassen dette året og starta med sine jamaldringar året etter.

I siste halvdelen av 60-talet var det tangt om plassen ved Skifjord skule. I vanleg skule var det i 1968/69 33 elevar og skulen var tredelt. Men skulen hadde berre to klasserom, så dei måtte leige smålsalen i bedehuset, som tidlegare hadde fungert som skule. 3. klasse med åtte elevar hadde Finn Jensen Øen som lærar og heldt hus i Skifjord bedehus. 1. og 2. klasse med 10 elevar og storskulen med 15 hvdde kvart sitt klasserom på nyeskulen.

Elevar frå Skifjord og Øen krinsar gjekk 4. og 5. skuledag ved Skifjord skule frå 1962 til midt på 70-talet. Dei kalde vinterdagane på 60-talet vart mellom anna nytta til skeisedagar, og desse elevane reiste mellom anna på utflukter til Eidevatnet.

Skulevegen

Astrid Waage er frå Våge på sørsida av fjorden og hadde skulekyss til skulen på Bjørnestad. Skulebåten kom vanlegvis frå ytre del av Skifjorden og plukka opp borna frå Våge ved Mjåsundet. Turen gjekk så vidare derifrå til kaien ved Sjøtun i Bjørnestad. Ungane gjekk den siste biten frå fjorden og opp til skulen. Om vintrande fraus av og til fjorden, og då måtte ungane gå langs fjorden frå Våge til sundet som skijer Våge og Bjørnestad. Her fraus nesten aldri isen, så om vintrane var det ofte båtskyss berre over dette sundet. Når også dette fraus hende det at ungane gjekk på skeiser heilt til Sjøtun.

Johan Varlid vaks opp i Varlia i ytre delar av Skifjorden, og hadde skuleskyss med båt til skulen. Vegen mellom Varlia og Bjørnestad kom i 1965.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Bygnes Per Bjørnestad 1964 1968
Risnes Margrethe Bjørnestad 1973 1974
Vagstad Geirfinn Bjørnestad 1973
Sørebø Johs Bjørnestad 1972
Øen Finn Bjørnestad 1967 1969
Bygnes Gunnvor Bjørnestad 1961 1967
Risnes Sverre Bjørnestad Lærarutdanning fullførd 1970 Lærar ved Skifjord, Nordgulfjorden, Mjømna og Lifjorden skular. Styrar/rektor ved Øen skule i 1970-79. Lærar ved Skifjord skule frå 1980.
Øen Gustav Bjørnestad 1956 1960
Justesen Jens G. Bjørnestad 1954 1955
Mongstad Odd Bjørnestad 1953 1954
Berge Kåre Bjørnestad 1949 1950 Var lærar også ved Leirvik skule og i Askøy kommune. Var både lærar, skuleinspektør og skulejef.
Lunde Arthur Bjørnestad 1949
Risnes Trygve Bjørnestad 1936 1943
Risnes Konstanse 1912 Bjørnestad 1961 1986 Voss folkehøgskule, Statens kvinnelige industriskole i Oslo, Lavik husmorskule "Stansa" hadde fleire kveldskurs inanfor vaksenopplæringa kvar vinter i tillegg til jobben som formingslærar.
Fagerlid Anton Bjørnestad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmeldingar, SSB, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  • Protokollar frå Bjørnestad/Skifjord krins, Hyllestad kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  • Formingslærar sluttar etter 24-25 år i Hyllestad-skular. Heim og skule Nr. 1 Mars 1987, 30. årgang
  • Skeisedag på Eidevatnet, Heim og Skule Nr. 1 Mars 1997, 40. årgang.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Astrid Waage 25.01.2016
  • Informant: Gunvor Risnes 25.01.2016
  • Informant: Johan Varlid 25.01.2016
  • Informasjonsmøte i Skifjorden 25.01.2016

Koordinater: 61.241861° N 5.116556° Ø