Bjørnafjorden kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. feb. 2020 kl. 10:26 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4624
Fylke Vestland
Kommunesenter Osøyro
Areal 517.39  km²
Areal land 487.53  km²
Areal vatn 29.86  km²
Folketal 24 493 (2018)
Grunnlagt 2020
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke vart skipa 1. januar 2020 då kommunane Os og Fusa slo seg saman. Samanslåinga var ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Kommunesenteret ligg på Osøyro, og administrasjonsspråket er nynorsk.

Kommunenamnet vart vedteke av eit felles kommunestyre torsdag 24. august 2017. Det syner til Bjørnafjorden, som ligg mellom Os, Fusa, Tysnes og Austevoll.

Kommunen har om lag 24 600 innbyggjarar og eit areal på 488 kvadratkilometer. Han grensar til Bergen i nordvest, Samnanger i nord, Kvam i aust, Kvinnherad i søraust og til Tysnes og Austevoll i Bjørnafjorden i høvesvis sør og sørvest.

Etter kommunevalet i 2019 vart Trine Lindborg frå Arbeidarpartiet vald til ordførar, med støtte frå MDG, KrF, Sp og SV.

Kjelder og litteratur