Brotteli (Bykle gnr 7): Forskjell mellom sideversjoner

språk
(bilete)
(språk)
Linje 54: Linje 54:
:* Olav, f ca 1650, sjå [[Mosdøl (Bykle gnr 13/3)|Mosdøl]], bnr 3  

Ingen av konene av Svein er såleis omtala i kjeldene at det er råd å identifisere dei skikkeleg. At han var gift to vender, og at andre kona heitte Jorunn, går fram av skiftet frå 1666. At den fyrste kona var dotter av Bjørgulv Tallaksson Nesland, går fram av at Svein åtte ein systerpart på Nesland i 1624, men kvar Jorunn var utstokke er på vona.  
Ingen av konene av Svein er såleis omtala i kjeldene at det er råd å identifisere dei skikkeleg. At han var gift to vender, og at andre kona heitte Jorunn, går fram av skiftet frå 1666. At den fyrste kona var dotter av Bjørgulv Tallaksson Nesland, går fram av at Svein åtte ein systerpart på Nesland i 1624, men kvar Jorunn stamme frå er på vona.  

Ettersom Ånund Sveinsson ikkje er nemnd på 1660-talet, og ingen erving etter han er omtala i skiftet frå 1666, vil me tru at han var død fyre 1660, og at han ikkje hadde born som livde opp. I bolken om Bratteland har me sett fram ei gjeting om at han kan ha budd på den garden nokre år på 1650-talet.  

Linje 110: Linje 110:
Stor velstand var det vel ikkje i Brotteli i 1735, men der var ikkje gjeld heller. Garden vart verdsett til 48 dalar, og med lausøyren kom eiga opp i 120. Buskapen var hest, 5 kyr, 2 ungdyr, 12 sauer og 2 geiter.  

Tallak Folkesson (y.) vart berre 20 år. Men året fyre han døydde rakk han å få ei dotter, som vart døypt Birgit. Mora heitte Birgit Olavsdotter, og kan kanskje vera den same som nokre år seinare vart gift med Olav Tallaksson Dysje (sjå Bjones), men kvar denne Birgit var utstokke har me ikkje funne ut, og dottera Birgit Tallaksdotter har me ikkje funne spor av etter at ho vart døypt.  
Tallak Folkesson (y.) vart berre 20 år. Men året fyre han døydde rakk han å få ei dotter, som vart døypt Birgit. Mora heitte Birgit Olavsdotter, og kan kanskje vera den same som nokre år seinare vart gift med Olav Tallaksson Dysje (sjå Bjones), men kvar denne Birgit kom frå har me ikkje funne ut, og dottera Birgit Tallaksdotter har me ikkje funne spor av etter at ho vart døypt.  

Jon Folkesson fekk i 1734 dottera Ingebjørg med Sigrid Tallaksdotter Bratteland, ei dotter åt Tallak Andresson Bratteland og kona, Gunhild Olavsdotter. Etter det som vart opplyst på tinget, då saka var framme der, var Jon og Sigrid tremenningar. Dermed kan me gå ut ifrå at dei hadde anten ein sams oldefar eller ei sams oldemor. Korleis denne skyldskapen eigentleg heng i hop er likevel uråd å finne ut, dertil har me for mange ukjende koner i dei eldre generasjonane både på Bratteland og her på garden. Ingebjørg Jonsdotter vart i 1756 gift med Olav Åsmundsson Berdalen. Desse kom sidan til å bu på plassen [[Strandestøyl under Brotteli]], og vert nærare omtala der.  