Brukersamtale:Oddloho: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
 
(23 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 74: Linje 74:
== Leirmo bru ==
== Leirmo bru ==


Hei Oddmund. Flott at du har skrivi om brua! Det var grannen min, Ole Edvard Leirdal (og sambuaren Evy Valdresstuen, aktiv på wikien), som hadde postkortet. Med opplysningene dine kan òg kortet daterast. At fleire av oss er opptekne av Jostedalen og Luster, gjer at wikikonseptet fungerer slik det er tenkt. ''Dynamikk'' heiter det vel på moderne bokmål, kanskje nynorsken har eit saftigare uttrykk? Helsing frå [[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 8. jun 2011 kl. 15:22 (CEST)
Hei Oddmund. Flott at du har skrivi om brua! Det var grannen min,som hadde postkortet. Med opplysningene dine kan òg kortet daterast. At fleire av oss er opptekne av Jostedalen og Luster, gjer at wikikonseptet fungerer slik det er tenkt. ''Dynamikk'' heiter det vel på moderne bokmål, kanskje nynorsken har eit saftigare uttrykk? Helsing frå [[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 8. jun 2011 kl. 15:22 (CEST)


:Hei! Ja, då biletet av Leirmo bru dukka opp på framsida, fekk det meg til å hamre ned ein liten artikkel. Dette er wikikonseptet på sitt beste. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 11. jun 2011 kl. 00:27 (CEST)
:Hei! Ja, då biletet av Leirmo bru dukka opp på framsida, fekk det meg til å hamre ned ein liten artikkel. Dette er wikikonseptet på sitt beste. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 11. jun 2011 kl. 00:27 (CEST)
Linje 100: Linje 100:


:Hei! Ho gjekk det greitt å finne att. Gards- og ættesoga for Jostedalen ligg i NBdigital, så det er berre å gå til http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008020701034 og slå opp på side 110 (øvst på sida). Der står det at Ingeborg var frå Jetmundsplassen og var dotter av Jetmund Olson Ormberg og Sigrid Nilsdotter Ormberg. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 29. aug 2012 kl. 12:38 (CEST)
:Hei! Ho gjekk det greitt å finne att. Gards- og ættesoga for Jostedalen ligg i NBdigital, så det er berre å gå til http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008020701034 og slå opp på side 110 (øvst på sida). Der står det at Ingeborg var frå Jetmundsplassen og var dotter av Jetmund Olson Ormberg og Sigrid Nilsdotter Ormberg. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 29. aug 2012 kl. 12:38 (CEST)
::Takk skal du ha! Hadde heilt gløymt at Øyane-boka var digitalisert. Veit du forresten noko meir generelt om utflyttinga frå Jostedalen fyrst på 1900-talet? Trur du desse Nordlia-jostedølane var enslege svaler, eller fell dei inn i eit mønster med mykje innanlands flytting attåt utvandringa til Amerika?--[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 29. aug 2012 kl. 13:30 (CEST)
::Nei, eg veit lite om utflyttinga, men konstaterer når eg blar gjennom bygdeboka at den må ha vore stor. Men kor stor er eit interessant spørsmål i lys av at Jostedalen var ein av kommunane med størst utvandring i høve til folketalet i den siste utvandringsfasen. Eg tok eit raskt søk i folketeljinga 1910. 1107 personar er oppførte med fødestad Jostedalen (søk *justed* og *josted*) medan 974 var busette i Jostedalen. Av dei var 918 busette i bygda. Av dei 1107 som levde i 1910 og var fødde i Jostedalen, budde altså 918 (83%) framleis i bygda medan 189 (17%) var utflytte. Så var det 56 innflyttarar i Jostedalen. Det er ei solid nettoutflytting, men kor stor ho er, har eg ikkje samanlikningsgrunnlag for å seie. Interessant! Dette skal eg ta med meg til arbeidet med fylkeshistoria for Sogn og Fjordane som eg no driv og går i gang med. [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 30. aug 2012 kl. 09:59 (CEST)
== Hafslo ==
Hei Oddmund. Fint at du har byrja å leggje inn lister over 1814-valmenn. I samband med dette oppretta eg kategori for Hafslo, såg at det var eit par artiklar og nokre bilete som kunne passe inn her. Har sjølv skreve ein stutt artikkel om [[Johannes Gjetmundsen]], ein utflytta Hafslo-gut. Nett som med familiane Leirdal og Ormbersgtøl har han etterkommarar på Toten! Skal forresten freiste å finne ut litt meir om [[Ingeborg Håkensen Lindholm]] òg. Helsing frå --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 10. sep 2012 kl. 12:30 (CEST)
:Supert! Eg er med på eit lite forskingsprosjekt om 1814 i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark, og me hadde prosjektseminar rett før helga. Der agiterte eg for å leggje inn slikt i lok.hist.wiki, så vonleg kjem det noko 1814-stoff frå fleire etter kvart. [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 10. sep 2012 kl. 12:58 (CEST)
::Fine greier. Hadde vore moro med meir 1814-stoff frå dykk. Elles var det artugt å høyre om fylkeshistoria du skal i gang med. Er det heltidsarbeid? Uansett vonar eg på nokre drypp til wikien! --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 10. sep 2012 kl. 14:07 (CEST)
== Trygve Bjørgo ==
Hei Oddmund. I samarbeid med Oppland fylkesbibliotek har vi «importert» nokre artiklar frå Forfatternett Oppland. Der låg det mellom anna ei spire om [[Trygve Bjørgo]], som var leiar i Noregs Mållag 1963-65. Veit du meir om han, må du gjerne utvide artikkelen. Helsing frå --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 2. okt 2012 kl. 10:54 (CEST)
:Flott, eg merkar meg det ifall eg kjem over noko om Bjørgo. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 2. okt 2012 kl. 11:29 (CEST)
::Fine greier. Hastar ikkje, ta det om du dumpar over noko.--[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 2. okt 2012 kl. 11:47 (CEST)
== Knut Kirkhorn ==
Hei Oddmund. Fin artikkel om [[Knut Kirkhorn]]. Du gjer en særs god jobb med desse «språkskifteaktørane». Samstundes er det artugt at mange av dei kan knyttast til artiklane vi alt har om utdanning, t.d. lærarskulane. Ser at du har lagt til mange namn i lista over [[Stord lærerskole|seminaristar frå Stord]]. Eg skal freiste å få tak i eit bilete av skulen. Ønskjer deg ei fin helg! Helsing frå --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 15. mar 2013 kl. 09:49 (CET)
:Takk for det! Eg har jobba ein del i det siste med amtsskulane og det politiske miljøet i Nordre Bergenhus sist på 1800-talet, så eg kjem til å leggje inn nokre fleire artiklar om dette framover. God helg til deg òg! Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 15. mar 2013 kl. 10:14 (CET)
== Smitt ==
Hei Oddmund. Fin artikkel om [[Livius Smitt]]. Du har vel ikkje eit bilete òg? Vil gjerne F-merke stykket, men det skal helst vere illustrert. --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 29. mai 2013 kl. 15:10 (CEST)
:Fann eit bilete sjølv, etter tips frå [[Bruker:Nils Steinar Våge|Nils Steinar Våge]]! Men dukkar det opp fleire, må du gjerne leggje dei inn. Det er framleis plass. Helsing --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] 29. mai 2013 kl. 15:46 (CEST)
Hallo Oddloho.
Det er feil portrett på Wilhelm Andreas Wexelsen. Vet ikke hvordan jeg får lagt inn det riktige, har forsøkt flere ganger. Riktig portrett ligger på mine nettsider. Det ville være hyggelig med referanser.
Karl-Ludvig Grønhaug.
:Hei Karl-Ludvig Grønhaug! Sein reaksjon her. Eg var ikkje klar over at biletet var lagt inn, men no er det òg borte. Eg har no lagt inn eit bilete som eg henta frå nettsida di med endå tydelegare referanse til nettsida. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] 18. jun 2013 kl. 12:55 (CEST)
== Maria Rhoden ==
Hei Oddmund. Vi har fått en artikkel om [[Maria Rhoden]], som bodde i [[Jostedalen]] til hun var 11 år. Veit du mer om henne? Hun ble nesten 105 år gammal, døde i [[Mjøndalen]] nå i vår. Helsing --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] ([[Brukerdiskusjon:Kallrustad|diskusjon]]) 12. mai 2014 kl. 09:01 (CEST)
:Til begge: Flott utvidelsesarbeid på denne! Hvem var bestemoren som også ble over 100 år? Får vi en artikkel om henne også? [[Bruker:MortenHV|MortenHV]] ([[Brukerdiskusjon:MortenHV|diskusjon]]) 6. jun 2014 kl. 15:15 (CEST)
== Futesignaturar ==
Hei Oddmund, og takk for mange gode artiklar om [[futar i Sogn]]. Eg har no oppretta kategori for [[:Kategori:Signaturer|signaturar]], sidan det no har vorte nokre av desse. God idé å nytte dei som illustrasjonar. Helsing frå --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] ([[Brukerdiskusjon:Kallrustad|diskusjon]]) 18. jul 2014 kl. 09:06 (CEST)
== Barclay ==
Hei Oddmund. Veit du noko meir om [[Carl Barclay]], som var fødd i [[Hafslo]]?--[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] ([[Brukerdiskusjon:Kallrustad|diskusjon]]) 3. nov 2014 kl. 10:15 (CET)
: Nei, han hadde eg ikkje høyrt om. Bandet i bygdeboka for Luster som dekkjer Ornes, er ikkje kome (under utgjeving). Men bygdebokskrivar Lars Øyane har vore på jakt etter huslyden som Carl Barclay kom frå, så sjå denne tråden på[http://forum.arkivverket.no/topic/173381-johan-wilhelm-didrik-barclay-1791-1846-forlikskommiscr-i-hafslo-huslyden-hans/ Forumet til Arkivverket]. Beste helsing [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] ([[Brukerdiskusjon:Oddloho|diskusjon]]) 4. nov. 2014 kl. 23:21 (CET)
::Takk for tips! Helsing frå Trond på --[[Bruker:Kallrustad|Kallrustad]] ([[Brukerdiskusjon:Kallrustad|diskusjon]]) 5. nov. 2014 kl. 08:57 (CET)
== «Maren» Karine Røhr (1798–1898) ==
Hei! Vet du om hun rakk å fylle hundre år? [[Bruker:MortenHV|MortenHV]] ([[Brukerdiskusjon:MortenHV|diskusjon]]) 23. mar. 2015 kl. 15:47 (CET)
:Flott at du såg dette, ho døydde i 1878, ikkje 1898. Eg har no retta det opp og lagt til kjelda (=Slægten Røer). [[Bruker:Oddloho|Oddmund L. Hoel]] ([[Brukerdiskusjon:Oddloho|diskusjon]]) 23. mar. 2015 kl. 17:23 (CET)
522

redigeringer