Bygdaråvegen

Sideversjon per 28. okt. 2019 kl. 23:12 av Rool (samtale | bidrag)

Bygdaråvegen i Seljord kommune går sørvestover frå krysset med Manheimstrondi og Vallarvegen (tidlegare søndre del av Flatdalsvegen) til Kviteseid kommunegrense, der han held fram som Brunkebergvegen. Bygdaråvegen er ein del av E134.

Bygdaråvegen sett nordaustover frå brua i enden av Nyveg.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er 6620 m lang og har namn etter elva Bygdaråi som han følgjer på nordsida fram til vegkrysset med Nordbygdivegen. Her kryssar han elva og fortsett sør for denne fram til kommunegrensa. Langs denne strekninga er det anlagt gang-/sykkelveg.

Den 20. oktober 1994 opna nyvegen, vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi. Riksveg 11 vart lagt utanom sentrum, og den tidlegare traseen der med Brøløsvegen og Nordbygdivegen vart nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og blei E134 i 2000.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Vedtak i Plan, miljø og teknisk utval 12.06.2019, PS 28/19.
  • Varden 20. oktober 1993.
  • Wikipedia: Europaveg 134.


Koordinater: 59.48938° N 8.64420° Ø