Bykle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykle
0941 Bykle komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4222
Fylke Agder
Kommunesenter Bykle
Areal 1467.13  km²
Areal land 1265.07  km²
Areal vann 202.06  km²
Folketall 958 (2018)
Grunnlagt 1902
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bykle kommune ligg heilt nord i Setesdalen i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen grensar i nord og aust til kommunane Vinje og Tokke i Vestfold og Telemark, i sør til Valle og Sirdal i Agder og Sandnes i Rogaland, og i vest til Hjelmeland og Suldal i Rogaland. Kommunen vart utskilt frå Valle kommune i 1902.

Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av kommuneinntektene kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft. Hovden er den største vintersportsstaden sør for Hardangervidda. I Kulturminneåret 1997 blei Byklestigen vald til kommunen sitt kulturminne.

Namn

Kommunenamnet er henta frå vatnet Bykil. Vatnet gav først namn til garden Byklum, så til kyrkjestaden og soknet og i 1902 til den nyoppretta kommunen. Tydinga er ikkje heilt liketil, men er godt drøfta av Aanund Olsnes i artikkelen om Byklum i Heimar og folk i Bykle:

Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.»

Busetting

Bykle er ein tynt busett kommune. Det var i 2012 omkring 930 innbyggjarar, men både i 1900 og i 1970 var folketalet nede i 470. Desse innbyggjarane er fordelt på 1467 km², så det er godt med plass.

Busettinga ligg for det meste nær riksveg 9 og Otra, med nokre grender som strekk seg innover i sidedalar. Det er to tettstader i kommunen, Bykle (Kyrkjebygdi) og Hovden. Blant grender kan nemnast Breive, Hoslemo og Berdalsbru.

Det er 19 matrikkelgardar i kommunen (sjå garder i Bykle kommune). Dei er nummerert frå 1 til 20; gardsnummer 19 er ikkje nytta.

Natur

Bykle er ein fjellkommune, som omfattar ein stor del av Setesdalsheiene. Store deler av heiene er i offentlig eige. Særleg kan ein nemne Njardarheim, ein eigedom som vart tatt over av staten etter 1945 og som femner 230 km². Det er også ein statsallmenning på 150 km².

Lengst i sør ligg landet i dalbotnen på 350 moh., mens det lengst i nord ligg på over 900 moh. Går man opp frå dalbotnen er man jo straks høgare opp, og heile 6/7 av kommunen ligg på over 900 moh. Den høgste toppen er Sæbyggjenuten på 1507 moh. Berggrunnen er grunnfjell, danna særleg av gneis og granitt. Det er eit stort antal fjellvatn på heiane, og desse er kjelder for Otra.

Næringsliv

Landbruket i Bykle har vore prega av husdyrhald, med noko dyrking av bygg og jordeple. Dyrkingsareala er gjerne små, med under 100 dekar innmark sjølv på dei største bruka. Beitene på heiene har vore viktige for saue- og geitehaldet.

På fjellet har jakt vore viktig i uminnelege tider. Særleg jakt på rein, jase og rype har vore viktige som matauk, medan pelsjakt på rev og rovdyr har vore ei viktig attåtnæring for ein del. På 1800-talet byrja ein også med tamrein. For å få drifta lønnsam vart det henta ned samar frå Nord-Noreg, til det som vel må vere den sørlegaste busettinga av reindriftssamar.

I nyare tid er det særleg to ting som har vore viktig for Bykles økonomi: Kraftproduksjon og turisme. Det er fleire kraftverk i kommunen, med produksjon på 361 MW (2003). For turismen er særleg Hovden ein viktig stad; dette er ein av dei mest kjende vintersportsstadane. Det er også mange fotturistar i Setesdalsheiene som nytter dei ni turisthyttene eller andre overnattingstilbod. Ein kan seie at kraftproduksjonen gav grunnlag for investering i turistnæringa, og at turistnæringa har gjeve grunnlag for anna næringsverksemd innan service og sal.

Språk

Bykle kommune har vedtak om nynorsk målføre i forvaltninga. Det har vore diskutert om ein skal endre dette til nøytralt, av di det ikkje alltid har vore lett å få søkjarar til kommunale stillingar.

Dialekta i kommunen er i hovudsak ein variant av setesdalsdialekt. Byklemålet kan delast i tre variantar. I sør, til og med Bykle kyrkjebygd, ligg målet nær vallemålet, i nord, særleg i Fjellgardane, er det så sterk påvirkning frå vest-telemarksdialekt. I den midtre delen av kommunen, rundt Hoslemo er målet ein mellomting mellom desse to. I Bykle kultursoge er dei tre variantane av byklemål kalla byklumsmål, hoslemomål og fjellgardsmål.

Administrative einingar

Bykle rådhus i Kyrkjebygdi.
Foto: Siri Johannessen (2011).

Bykle kommune svarar til Bykle sokn i Den norske kyrkje. Det låg tidlegare i Valle prestegjeld, og sjølv om det no er einaste sokn i Bykle kyrkjelege fellesråd vert soknet framleis drive saman med Valle sokn og Hylestad sokn. Det tilhøyrer Otredal prosti i Agder og Telemark bispedømme.

Bykle og Valle lensmannsdistrikt, med kontor i Valle, tilhøyrer Agder politidistrikt. Rettsområdet er Kristiansand tingrett.

Kommunevåpen

Bykle sitt kommunevåpen er i grønt sølv dråper 3-2-3-2-1. Dråpane symboliserer vatnet som har gjeve kraft til kverner i gammal tid og til kraftverka i vår tid.

Eksterne lenker