Byrte

Revisjon per 1. mar. 2018 kl. 14:02 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
«Parti fra Børtevand» (1889-1900)
Foto: Knud Knudsen/Nasjonalbiblioteket

Byrte er ei grend som ligg i Tokke kommune. Olav Grimdalen kalla grenda «den mest sermerkte grend i gamle Mo herad»[1].

Namnetyding

Namnet kjem frå det gamalnorske adjektivet "bjartr" som tyder "ljos" eller "blank". Målgranskarar har funne eit gamalt verb, "byrta", som tyder "lyse opp", "klarne", eller "openbere". Grendenamnet kan slik omsettast til "den ljose dalen".[2]

I fylgje namnegranskar Oluf Rygh skal det opphavleg ha eksistert ein gamal gard som heitte Byrte og som gav namn til grenda. Gardane Loftsgarden, Midtbø, Leirbrekke og Utabjå kan ha vore partar til den gamle garden.[3] I dag eksisterer det ikkje nokon gard i Byrte som heiter Byrte.

Grendene

 
Parti frå Børtevatn.

Byrte er samansett av to grender: Nedre Byrtegrend og Øvre Byrtegrend.

Kjelder

  • Grimdalen, Olav, Mo Bygdebok: kultursoga, b. 1, Dalen, 1996. Digital utgåvebokhylla.
  • Rygh, Oluf, Norske Gaardnavne i Bratsberg Amt, Kristiania, 1914.

Referansar

  1. Grimdalen, 1996, s. 124
  2. Grimdalen, 1996, s. 124.
  3. Rygh, 1914, s. 415.