Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission

Sideversjon per 17. des. 2008 kl. 18:17 av Olve Utne (samtale | bidrag) (+ bilde)

Central Jam-e-Mosque, World Islamic Mission i Oslo, populært kalla World Islamic Mission (WIM) er den største muslimske meinigheita i Noreg med 6 000 medlemmer. Meinigheita vart stifta i 1984 av norsk-pakistanske muslimar. Dei første åra dreiv dei moské i ymse leigde lokalar. I 1991 vart grunnsteinen lagt ned til den nye moskéen i Åkebergvn. 28B. Moskéen vart teken i bruk i 1995

Moskéen i Åkebergveien 28b i 2007.
Foto: C. Hill

I januar 2000 søkte meinigheita om lov til å kalle til bøn frå minareten i Åkebergveien.[1] Etter endeleg løyve frå fylkesmannen vart det sett i gang med adhan éin gong kvar fredag frå april 2000.[2]

Galleri

Fotnotar

Kjelder

Lenkjer