Corrado Genta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Corrado Genta er ein musikar og komponist som vart fødd i Napoli i Italia i 1956. Han er son til musikaren Felice Genta. Corrado Genta er utdanna lærar frå heimlandet og han tok etterutdanning ved musikkakademiet i Napoli. Her studerte han piano og notelesing.

I 1979 kom han til Noreg då han spelte i eit orkester som reiste rundt i landet og underheldt. Under denne turneen møtte han Linda f. Eliassen som han seinare vart gift med. Etter eit kort opphald i Italia kom dei tilbake til Noreg og Corrado heldt fram med å spele i ulike orkester. I april 1982 gifta Linda og Corrado seg i Sykkylven kyrkje. Dei flytte til Sykkylven same hausten. Her engasjerte han seg i det lokale musikklivet. Han var mellom anna med i bandet Report der Frank Willy Utgård var ein av frontfigurane. Frå oktober 1986 kom han med i det populære orkesteret Quincy som hadde mange oppdrag ved dansar, primært på Nordvestlandet. På denne tida etablerte han, saman med Harald Tennøy, ein butikk i Straumgjerde som selde skinnklede. Dei importerte kleda direkte frå Italia og dreiv også ein del grossistsal. Etter ei devaluering av den norske krona, vart det tyngre å drive importforretninga og etter eit par års drift vart ho avvikla.

I åra framover veksla Corrado mellom speleoppdrag og undervisningsoppgåver i den kommunale musikkskulen. Han dreiv også med privatundervisning på tangentinstrument. Heile tida komponerte han. Som komponist har han spelt på eit breidt register og mellom anna henta inspirasjon frå den italienske bakgrunnen sin. Han har komponert både i den klassiske sjangeren, i napolitansk folkemusikktradisjon og i eit meir kontemporært underhaldningsuttrykk. I 1997 gav han ut CD-en Norwegian Mood – Italian Feeling der han framfører eigenkomponerte stykke. Genta har totalt komponert ca 500 melodiar. Han har mellom anna hatt eit samarbeid med tekstforfattaren Per Robert Tafjord. Samarbeidet har resultert i songar som mellom anna er framførte i radioprogram. Corrado Genta er med i den italienske Tono-organisasjonen

Kring 1991 vart Corrado råka av sjukdomen MS. Dette svekka gradvis musklane slik at han fekk vanskar med å praktisere som musikar og komponist. Dei siste åra har han vore aktiv i den lokale MS-foreininga og gjennom ei eiga nettside formidla kunnskap om korleis ein kan leve med sjukdomen, og måtar han kan behandlast på.