Dalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
({{nn}})
Linje 18: Linje 18:
[[Kategori:Tettsteder]]
[[Kategori:Tettsteder]]
{{artikkelkoord|59.44502|N|8.00489|Ø}}
{{artikkelkoord|59.44502|N|8.00489|Ø}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 4. feb. 2016 kl. 13:33

Parti fra Dalen.
Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1894–1898).

Dalen er ein tettstad og kommunesenter i Tokke kommune i Telemark med om lag 780 innbyggjarar (2012). Staden ligg lengst vest ved innsjøen Bandak ved enden av Telemarkskanalen.

Staden er kjent for «eventyrhotellet» Dalen hotell, som opna i 1894. Hotellet er ein av dei største trebygningane i Noreg, og det siste som er att av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet.

Inne i fjellet ved Dalen ligg Tokke kraftverk. Tokkeverka regulerer den øvste vestre greina av Skiensvassdraget. Dei vart bygd ut i fire etappar og stod ferdig i 1979. Frå Hardangervidda og ned til Bandak er det eit fall på tusen meter. Kraftutbyggjinga førte til at folketalet vaks frå om lag 200 i 1950 til over 1000 i 1960. Talet har seinare gått noko ned.

På byrjinga av 1900-talet vart ein rekke molybden-forekomstar utnytta i Telemark; bland anna Dalen og Bandaksli.

Eksterne lenker

Koordinater: 59.44502° N 8.00489° Ø