Doblingspant: Forskjell mellom sideversjoner

1 040 byte lagt til ,  31. okt. 2010
nytt avsnitt om spantemodellar
(nytt avsnitt om spantemodellar)
Linje 8: Linje 8:

Spantemna som er merka vert skorne på bandsag. Å saga presist på bandsag så tunge stokkar er ikkje lett, så det krev ein kraftig kar med hjelparar som føler kva sagaren vil. Sagbordet er stillbart for å sage spant med mal, det kan skråstillast med eit ratt på ein skru. Då vert vinkelen overført til eit malbrett på saga. Den som passar malen må syte for jamne overgangar mellom mal streka etter kvart som det vert mata inn på saga.  

==Spantemodellane==
I denne artikelen er det vist til modellar av kvart spant, og til spanterisset. Før ein får noko på spanterisset som det kan lagast modellar utifrå, må ein ha eit utgangspunkt.
På Vik var det ein halvemodell, ei side, av ein båt som var utgangspunktet. Den var om lag 50 cm lang, og emnet den var laga av var limt saman av lamellar. Denne modellen var forma slik den ferdige båten skulle vera. Spanta vart teikna på modellen, og lamellane ga linjer til å konstruera ut frå. Alle linjer er paralelle med vasslinja. Ved å velga ut nokre konstruksjons-spant, kan ein gange opp alle mål med same faktor, og overføre til malgolvet. Når spanta er teikna inn har ein eit spanteriss. Ut frå spanterisset vert det laga modellar til kvart spant. Denne metoden gir ikkje heilt nøyaktig spant, men finpussen kjem når spanta er røyste og ein tek i bruk dikslestokk og øks. Sjå om diksling i artikelen [[Hud og dekk]]. Skal ein ha eit heilt nøyaktig utgangspunkt for spantemodellar må ein bruke linjeteikning.

==Legge saman eit spant==
==Legge saman eit spant==
Skribenter
1 622

redigeringer