Doblingspant: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Røyse spant: justert tekst
(→‎Legge saman eit spant: justert tekst)
(→‎Røyse spant: justert tekst)
Linje 34: Linje 34:

Etter ei midtlinjesnor rettar ein inn og set på støtter der ein kan justere med kilar. Vidare montering får ein då feste mot denne midtseksjonen. Siste spanta i kvar ende er kantraspant.  Det vil sei dei står ikkje 90 grader på kjølen, men heller 90 grader på båtsida. På det viset slepp ein å saga med så mykje mal, og  det sparer også material. I mange høve lagar ein modell til desse spanta på staden. Ein set opp horisontale rier frå sponinga og bak eller framover dei  spanta som er opprøyste, då ser ein om litt småjustering trengst. Ei vertikal mjuk ri vert lagd på dei horisontale rier, etter den kan modellen merkast.  På kvar side av stamnen vert det sett opp to eller tre breitømmer. Dei er bolta til innerstamnen, og gir ei god lege for fremste endane på  hudplankane. Breitømmera går vanlegvis heilt oppunder rekkelining. Eit liknande tømmer er det på akterstamnen, men dei går berre til skandekk. Når dette er oppe vert det klargjort for setgangane, men då er ein over på [[Hud og dekk|huding]].

Siste nybygget på doblingspant vart levert i 1957. Utover i 1960 åra var det ein del forlengingar på båtar med doblingspant. Då vart det sjølvsagt nytta same teknikk og dimensjon på dei som vart sett inn.
Siste nybygget på doblingspant ved [[Vik Båtbyggeri |L/L Vik  Båtbyggeri]] vart levert i 1957. Utover i 1960 åra var det ein del forlengingar på båtar med doblingspant. Då vart det sjølvsagt nytta same teknikk og dimensjon på dei som vart sett inn, slik båten hadde frå før.

==Kjelde==
==Kjelde==
Skribenter
1 622

redigeringer