Dovre Historielag

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Dovre historielag, skipa rundt 1980, er eit historielag i Dovre kommune i Gudbrandsdalen. Historielaget gjev ut årboka Dovrebygde, som kom ut fyrste gong i 1985. HUSK LOGO.

I 2019 hadde historielaget 80 medlemmer. Talet har variert mellom 60 og 80.

Aktivitetar

Arbeidet med årboka har vore viktig. Laget har òg bygd opp ei bildesamling med om lag 15 000 fotografi. På 1980-talet restaurerte medlemmene ein gammal skule, og i perioden 2015-2019 rydda og merka dei 15 stier og råk i Dovre. Historielaget har vore med på fleire arrangement i bygda.

Dovre historielag har vore veldig aktivt i somme periodar og så å si heilt nede i andre periodar.

Publikasjonar

  • Eriksen, Alf ofl.: Sætrer og sæterdrift i Dovre. Utg. 2016. 336 s. ISBN 978-82-690580-0-0.
  • Gamle trehus i Dovre, 1989.
  • Dovrehistori, 2017.
  • Buer og burester Dovre, 2019.

Leiarar

  • Gunder Bentdal
  • Aksel Killi
  • Oddmund Kristiansen
  • Ragnhild Slette
  • Jan Torgeir Lindsøe
  • Alf Eriksen
  • Magne Botten
  • Sverre Killi
  • Merete Killi Moastuen

Alf Eriksen, Oddmund Kristiansen og Asbjørn Amble har vore redaktørar av årboka.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Lenkje