Dyre Vaa

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. jan. 2015 kl. 12:17 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Ilatrappen Oslo 2013 2.jpg|Ulvane ved Ilatrappa i Oslo var eit av verka som gjorde Dyre Vaa kjent for eit breiare publium.|Stig Rune Pedersen|2013}} {{thumb|Kronprinsesse Märtha...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulvane ved Ilatrappa i Oslo var eit av verka som gjorde Dyre Vaa kjent for eit breiare publium.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).
Statua av kronprinsesse Märtha med vesle prins Harald har vorte kritisert for stivheten i figurane.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).

Dyre Kristofer Vaa (født 19. januar 1903 i Kviteseid, død 11. mai 1980 i Vinje) var bilethoggar og kunstmålar. Han var namnebror av den segnomsuste jegeren og soldaten Dyre Vaa, og skal ha vore ættling av han.

Slekt og unge år

Han var son av gardbrukar og skogeigar Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Roholt (1866–1947). Han var den yngste av fem syskjen; Aslaug Vaa (1889–1965) var ein av brørne hans. Dyre Vaa vaks opp på farsgarden i Kviteseid. Attåt garden hadde faren også eit spinneri, han handla med eigedom og tømmer og han var ein av dei største skogeigarane i Telemark.

I 1917 ga faren opp gardsdrifta og tok med familien til Kristiania. Dyre Vaa tok middelskulen som privatist, og fekk examen artium frå Kristiania katedralskole i 1920. Kort etter dette gjekk faren fallitt, og familien vart splitta opp. Ein onkel sørga for at Dyre Vaa fekk gått på Statens kunstakademi under Wilhelm Rasmussen i 1922–1923. Han fekk også korrektur av Gunnar Utsond våren 1922.

Karriere

Dyre Vaa kom tidleg i gang som bilethoggar, og allerede i 1930-åra var han rekna som ein av landets fremste i faget. Men det var som skribent han først vart kjent. I 1923 skreiv han om skulptur, og vekte oppsikt då han hevda at forma er grunnlaget for god skulptur. Seinare same året reiste han til Paris, Roma og Athen. Han prøvde å få studere under Antoine Bourdelle, men det vart det ikkje noko av. I 1925 var han for første gongen med på Haustutstillinga. Hans portretthode av Ivar Tveiten vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet. På same tida lagde han «Hannulv og Hunnulv» til Ilatrappa, og vart kjent i det breie publikum.

I 1926 fekk han sitt fjerde stipend. Det var på den tida at han byrja å kurtisere sjukepleiar Thora Lange Bojer (1902–1999). Ho var dotter av forfattaren Johan Bojer og Ellen Lous Lange. Dei gifta seg 7. april 1927, og tok bryllaupsreisa i Storbritannia og Frankrike. Dei budde i Oslo til 1935, og flytta så til Rauland der dei bygde hus på Sporanes. Paret fekk seks born. Thora sto modell for mannen sin, og var aktivt med i hans karriere som kritikar og reisefølgje.

Den første separatutstillinga han hadde var i Kunstnernes Hus i 1935, og omfatta skulptur, måleri og teikningar. Han fekk ein del negativ kritikk, mellom anna for den sterke frontaliteten i helfigurane. Ein kan også sjå unaturleg stivhet i figurane som ikkje alltid harmonerar med realistiske detaljar. Mellom verk som har vorte kritisert for dette er Sjømannsmonumentet i Bergen, Holbergmonumentet ved Nationaltheatret i Oslo og statuen av kronprinsesse Märtha med prins Harald ved Asker kyrkje.

Skulpturar som har fått betre kritikk er mellom anna eventyrgruppene på Ankerbrua i Oslo - brua har fått tilnamnet «Eventyrbrua» på grunn av dei - «St. Clemens» på Nidarosdomens vestfront (med Olav Aukrust sitt andlet som modell), statua av Aasmund Olavsson Vinje ved Sogn studentby, «Svanegruppe» i borggården til Oslo rådhus, sjølvportrettet «Førstepremie» og statuen «Rallaren».

I 1953 hadde han ein stor separatutstilling i Oslo, og denne gongen var kritikken mot formbehandlinga hans sterk. Same året flytta familien for ei tid til Asker, men vende attende til Sporanes etter ei tid. I seinare år budde dei nokre vintre i Asker, som har eit mildare vinterklima enn Vinje. I 1960–1962 var Dyre Vaa leiar i Norsk Billedhoggerforening. Han var der ein talsmann for tradisjonell, figurativ skulptur, og kom enno meir på kant med kritikarane. Midt i 1970-åra måtte han avslutte sin karriere på grunn av helseproblem.

Dyre Vaa fekk Kongens fortjenstmedalje i gull i 1951 og Nidaros domkirkes gullmedalje 1969. Same året vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1973 fekk han æresløn frå Telemark fylkesting.

Han gav verka sine til Vinje kommune i 1964, og dei har danna grunnlagt for Dyre Vaa-samlingane som vart opna i 1981.

Galleri

Kjelder