Edvard Grimstad

Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.

Ihle skole i Vestre Toten rundt 1920, lærar Edvard Grimstad bak til venstre. Nest fremst til høgre sit truleg Anne Grimstad med dottera deira på fanget.
Foto: Ukjent
Frå hytta til Edvard og Anne Grimstad på Sota. Frå høgre: Edv. Grimstad, Anne Grimstad, ukjent, Trygve Steinbakke (frå Skjåk). Turiststaden Sota sæter ligg på andre sida av elva/vatnet.
Foto: Ukjent

Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.

Edvard Grimstad samla folkeminne i Gudbrandsdalen for Universitetets folkeminnesamling. I 1930 vart han den fyrste redaktøren av Årbok for Gudbrandsdalen og var det til og med 1936. Han gav ut fire band med folkeminne frå Gudbrandsdalen i ein skriftserie frå Norsk folkeminnelag.

Grimstad var sterkt engasjert i målsaka, mellom anna som formann i Dølaringen (frå 1929) og aktiv i Mesna mållag.

Edvard Grimstad bygde opp turiststaden Sota Sæter i Skjåk, ei verksemd som seinare sonen Torbjørn Grimstad overtok.

Han gifte seg i Skjåk 27. desember 1910 med Anne Grimstad. Dei fekk fire søner og ei dotter.

Bibliografi

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer