Eikavegen (Bø i Telemark)
Eikavegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå enden av Oterholtvegen til Lifjellvegen.
Vegen har namn etter Eikagardane og går i jordbrukslandskap. Han blei namnsett i 1988.
Vegnamnet uttalast Ei`kjavegen med same tonelag som «Furuvegen».
Kjelder
- Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
- Kartverket: norgeskart.no