Eilert Waldemar Preben Ramm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Eilert Waldemar Preben Ramm (fødd 4. mai 1769 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 15. mars 1837 i Vang på Hedmarken) var offiser og eidsvollsmann.

Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Han skal vere fødd på «Lille Håvie» (Hovin?) i Furnes. Han var nest yngst av sju sysken, fødde i tidsrommet 1753-1776 (sjå liste i artikkelen om broren Nicolai Hersleb Ramm). Yngste broren var fødd på Benningstad i Løten i 1776, så Eilerts barneår har vore delt på dei to hedmarksbygdene. Fire av fem gutar i syskenflokken vart offiserar, den femte (Ove William) vantar vi nærare opplysningar om.