Elias Blix: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
* Professor i teologi [[1878]]. | * Professor i teologi [[1878]]. | ||
* Statsråd i [[Kyrkjedepartementet]] frå [[26. juni]] [[1884]] til [[23. februar]] [[1888]]. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I [[1885]] gjorde [[Stortinget]] vedtak om at [[landsmål]]et skulle vere jamstilt med [[riksmål]]et, det såkalla [[Jamstellingsvedtaket]]. Som politikar representerte Blix partiet [[Venstre]]. | * Statsråd i [[Kyrkjedepartementet]] frå [[26. juni]] [[1884]] til [[23. februar]] [[1888]]. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I [[1885]] gjorde [[Stortinget]] vedtak om at [[landsmål]]et skulle vere jamstilt med [[riksmål]]et, det såkalla [[Jamstellingsvedtaket]]. Som politikar representerte Blix partiet [[Venstre]]. | ||
<onlyinclude>Blix oppdaga [[landsmål]]et då han gjekk på lærarskole i [[Tromsø]] i [[1850-åra]]. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til [[Kristiania]] og blei knytt til [[Aasmund Olavsson Vinje]] og [[vekeblad]]et ''[[Dølen]]''. Han besøkte Gildeskål sommaren [[1866]] og bad om løyve til å preike i [[Gildeskål gamle kyrkje|Gildeskålkyrkja]], men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. </onlyinclude> Blix hadde nettopp tatt [[teologisk embetseksamen]]. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. | <onlyinclude>Blix oppdaga [[landsmål]]et då han gjekk på lærarskole i [[Tromsø]] i [[1850-åra]]. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til [[Kristiania]] og blei knytt til [[Aasmund Olavsson Vinje]] og [[vekeblad]]et ''[[Dølen]]''. Han besøkte Gildeskål sommaren [[1866]] og bad om løyve til å preike i [[Gildeskål gamle kyrkje|Gildeskålkyrkja]], men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. </onlyinclude> Blix hadde nettopp tatt [[teologisk embetseksamen]]. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. | ||
Blix var med på arbeidet med å omsette [[Bibelen]] og [[Luthers litle katekisme]] til [[landsmål]]. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i [[1892]] at det blei lov å synge [[Nokre Salmar|salmane hans]] i kyrkja. I ''[[Norsk Salmebok]]'' er det tatt med over 50 salmar av Blix. | Blix var med på arbeidet med å omsette [[Bibelen]] og [[Luthers litle katekisme]] til [[landsmål]]. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i [[1892]] at det blei lov å synge [[Nokre Salmar|salmane hans]] i kyrkja. I ''[[Norsk Salmebok]]'' er det tatt med over 50 salmar av Blix. | ||
[[Fil:Elias Blix' gate Oslo 2012.jpg|Elias Blix' gate på Ila i Oslo fekk namn i 1934.|thumb]] | |||
Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident [[Edvard Liljedahl]] over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag): | Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident [[Edvard Liljedahl]] over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag): | ||
Linje 19: | Linje 20: | ||
== Lenkjer == | == Lenkjer == | ||
*[http://blixblog.blogspot.com/ Weblogg om forsking på Blix] | *[http://blixblog.blogspot.com/ Weblogg om forsking på Blix] | ||
*[http://www.nb.no/nbsok/search?action=search&mediatype=b%C3%B8ker&format=Digitalt%20tilgjengelig&searchString=creator:blix,elias Digitaliserte bøker av Blix] på Nasjonalbiblioteket | *[http://www.nb.no/nbsok/search?action=search&mediatype=b%C3%B8ker&format=Digitalt%20tilgjengelig&searchString=creator:blix,elias Digitaliserte bøker av Blix] på Nasjonalbiblioteket | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
[[Bilde:Elias Blix gravminne Oslo.jpg|thumb|Elias Blix gravminne, Vår Frelsers gravlund, Oslo]] | |||
* [http://nn.wikipedia.org/wiki/Elias_Blix «Elias Blix»] på [[Nynorsk Wikipedia]] | * [http://nn.wikipedia.org/wiki/Elias_Blix «Elias Blix»] på [[Nynorsk Wikipedia]] | ||
* Bolling, Reidar: [http://www.saltenmuseum.no/artikler/blix.htm «Elias Blix»] på [[Salten Museum]] sin nettstad | * Bolling, Reidar: [http://www.saltenmuseum.no/artikler/blix.htm «Elias Blix»] på [[Salten Museum]] sin nettstad |
Sideversjonen fra 28. jul. 2013 kl. 10:32
Elias Blix (1836–1902) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han blei fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland den 24. februar 1836 og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Han blei gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.
- I 1862 var Blix med på å stifte «Den nordlandske Forening» og var første formannen i organisasjonen.
- Han tok teologisk embetseksamen i 1866.
- I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.
- Professor i teologi 1878.
- Statsråd i Kyrkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vere jamstilt med riksmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.
Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål.
Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at det blei lov å synge salmane hans i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med over 50 salmar av Blix.
Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident Edvard Liljedahl over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag):
Siden Storthinget sidst var samlet til møde har vort fædreland og vort Universitet atter lidt et stort tab. Fhv. statsraad, Dr. Professor Elias Blix er nemlig vandret bort. Jeg er sikker på, at budskabet herom modtages med sorg ikke alene i denne sal, men udover det hele land fra hytten til hallen. Professor Bliz var nemlig en landskjendt mand, og han var ligesaa anerkjendt og elsket som han var kjendt, og han fortjente at være det. … Ubetinget størst betydning har professor Blix havt som sanger og salmedigter; som saadan skal han nævnes jevnsides med vore bedste. | ||
Fleire veger og gater i landet har namn etter Elias Blix, til dømes i Oslo, der Elias Blix' gate på Ila vart namngjeven i 1934.
Lenkjer
- Weblogg om forsking på Blix
- Digitaliserte bøker av Blix på Nasjonalbiblioteket
Kjelder
- «Elias Blix» på Nynorsk Wikipedia
- Bolling, Reidar: «Elias Blix» på Salten Museum sin nettstad
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Elias Blix» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |