Erik Enge (fødd 3. mars 1852 i Østre Gausdal, død 26. oktober 1933) var gardbrukar og politikar. Foreldra var gardbrukar Mathias Enge og Kristine, fødd Fougner. Mora var syster til stortingsmannen Kristian Fougner. Enge var gift med Else Hoft (f. 1855) frå Lom og tok over farsgarden Enge i 1877.

Erik Enge.
Foto: Ukjent. Faksimile fra Vilhelm Haffner (1928): Stortinget 1928-30.

Han gikk på Christopher Bruuns folkehøgskule i Gausdal. Han var med i kommunestyret og var ordførar i åtte år.

Erik Enge var stortingsmann i tre omgangar: 1898–1906 (for Venstre), 1910–12 (for Frisinnede Venstre) og 1928–30 (for Bondepartiet). I 1905 var han med i stortingsdeputasjonen som var i København for å spørja Kristian 9. om prins Carl kunne bli norsk konge. Han var landbruksminister i Jens Bratlies regjering (1912–13). I åra 1927–30 var han formann i Bondepartiet.

Han fekk 7. juni-medaljen og vart riddar av St. Olavs Orden i 1911. Han fekk òg Dannebrogsordenen.

Kjelder og litteratur

  • Erik Enge i Historisk befolkningsregister.
  • Blekastad, Ivar: artikkel i Årbok for Dølaringen 1934. Lillehammer.
  • Filseth, Johan: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind III. Oslo 1926.
  • Haffner, Vilhelm: Stortinget 1928-30. Utg. Cappelen. Oslo. 1928. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Nationen 27. oktober 1933: bred omtalte av Enges bortgang, inkludert minneord av blant andre Jens Hundseid.