Esnoga

Esnoga (spansk/portugisisk, pl. -s) er det tradisjonelle portugisarjødiske og jødespanske ordet for synagoge. Ein typisk portugisarjødisk esnoga er særprega på fleire måtar; dei to tydelegaste særtrekka er at tebá (leseplattforma) er attast i rommet som ein motpol til Hekhál (Toráskåpet), og Hekhál har ikkje utvendig forheng i motsetning til det som er vanleg i dei fleste andre jødiske tradisjonane. Benkene (spansk los bancos, portugisisk os bancos) er tradisjonlt plassert langs langveggane sentrert rundt aksen mellom tebá og Hekhál. I motsetning til i asjkenaziske sjuln blir heile gudstenesta leia frå tebáen. I Skandinavia og dei nærmaste naboområda har det på det meste vore tre esnogas i København, ein i Altona (som låg under den dansk-norske kongen fram til innpå 1800-talet og ein i Hamburg. Det skal og i si tid ha vore ein esnoga i Glückstadt.

Den portugisarjødiske esnogaen i Hamburg frå 1855 til 1934. Vi ser frå tebá mot Hekhál.