Fastskular i Herøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2016 kl. 11:51 av TrineFMF (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fastskular i Herøy''' Herøy kommune er ein øykommune sørvest for Ulstein på Sunnmøre. Største øya er Gurskøy som delt mellom Herøy kommune og Sande kommune. Den best kj...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

'''Fastskular i Herøy'''

Herøy kommune er ein øykommune sørvest for Ulstein på Sunnmøre. Største øya er Gurskøy som delt mellom Herøy kommune og Sande kommune. Den best kjende øya, er fugleøya Runde.

Bjarne Rabben skriv i Herøysoga, Bygdesoga band II (1973) at då fastskulelova kom i 1860 passa dei folkevalde i Herøy på å skipe krinsane slik at dei fekk under 30 barn i kvar krins. Dette av di skulelova fastsette at dersom ein krins hadde over 30 barn skulle dei ha eige skulehus. Ei av grunngjevingane for motstanden var "den lange og til sine tider af året vanskelig fremkommelige vei som skolebørnenevilde få fra de fraskolehusetfjernestliggendegårde".Men motstanden botna vel òg i dei auka utgiftene til skulehus og drift. Dessuten likte ikkje folk å bli diktert av embetsmennene kva dei skulle gjere og ikkje gjere. Likevel vart det større engasjement i skulen etter 1860, og i haldninga til skulen òg. I 1900 stod det 12 skulehus i Herøy, 10 i Herøy og 2 i Leikanger. Fleire plassar leigde ein hus på gardane til å bruke som fastskular. Takk for hjelp frå Steinar Åheim med opplysningar om skulane i Herøy. Dei feila som er, er det redaktøren som har ansvaret for.

Leine Det første faste skulehuset som vart bygd i Herøy kom opp i Volsund i 1863. Den vart flytt til Leine i 1870 og ombygd i 1879. Skulen på Leine vart teken ned og seld då ny skule vart bygd på Leine i 1911. Skulehuset frå 1911 vart kjøpt av Marius Leine og sett opp som sjøbu då den nye skulen vart bygd i 1957. I Torvik var skulen ferdig i 1866

Remøya I 1878 vart det bygd skule på Remøy. Frå Rabben ser det ut til at dei bygde skulen av eit hus som var 14 år gammalt og som dei flytta og bygde om til skule.I 1821 var skulen så falleverdig at det var uråd å bruke det lenger, vart det hevda, vøla vart han brukt fram til 1932, då helserådet stengde han. Ny skule vart bygd i 1939. Den skulen vart utvida og godt vedlikehalden og står framleis sjølv om Remøy skule vart nedlat i 2010.

Moltu På Moltu vart det bygd skulehus i 1865. Den låg nede ved sjøkanten og vart dyr. Det var større enn dei andre skulane i prestegjeldet og var bygd med loft og ikkje i røykstoveform, slik dei andre skulane var. Men etter kvart vart det klaga både på at skulen var blitt for liten og at han låg altfor nær sjøen. I 1904 fekk dei nytt skulehus og det gamle huset vart seld til ein privatperson. Den nye skulen vart utvida og ombygd i 1934 og 1962. Frøystad Første skulen i Frøystad krins vart ferdig i 1866. I 1870 var skulen flytta til Bautane, og i 1918 vart det oppført nytt skulehus nær grensa til Frøystadvågen. Der kom tilbygg i 1974 og skulen vart nedlagd i 2010.

Myrvåg I 1877 kom det skule i Myrvåg krins. Denne skulen vart seld til Ålesund Jern og metallarbeidarforenining i 1917 då dei bygde ny skule i krinsen. Den skulen brann ned i 1918, men ny skule stod ferdig i 1919. Den vart lagt ned i 2009. Skulehuset står.

Tjørvåg

Klungsøyr skule vart bygd i 1881. Ny skule vart bygd i 1948.