Fastskular i Herøy

'''Fastskular i Herøy'''

Herøy kommune er ein øykommune sørvest for Ulstein på Sunnmøre. Største øya er Gurskøy som delt mellom Herøy kommune og Sande kommune. Den best kjende øya, er fugleøya Runde.

Bjarne Rabben skriv i Herøysoga, Bygdesoga band II (1973) at då fastskulelova kom i 1860 passa dei folkevalde i Herøy på å skipe krinsane slik at dei fekk under 30 barn i kvar krins. Dette av di skulelova fastsette at dersom ein krins hadde over 30 barn skulle dei ha eige skulehus. Ei av grunngjevingane for motstanden var "den lange og til sine tider af året vanskelig fremkommelige vei som skolebørnenevilde få fra de fraskolehusetfjernestliggendegårde".Men motstanden botna vel òg i dei auka utgiftene til skulehus og drift. Dessuten likte ikkje folk å bli diktert av embetsmennene kva dei skulle gjere og ikkje gjere. Likevel vart det større engasjement i skulen etter 1860, og i haldninga til skulen òg. I 1900 stod det 12 skulehus i Herøy, 10 i Herøy og 2 i Leikanger. Fleire plassar leigde ein hus på gardane til å bruke som fastskular. Takk for hjelp frå Steinar Åheim med opplysningar om skulane i Herøy. Dei feila som er, er det redaktøren som har ansvaret for.

Leinøya

Det første faste skulehuset som vart bygd i Herøy kom opp i Volsund i 1863. Den vart flytt til Leine i 1870 og ombygd i 1879. Skulen på Leine vart teken ned og seld då ny skule vart bygd på Leine i 1911. Skulehuset frå 1911 vart kjøpt av Marius Leine og sett opp som sjøbu då den nye skulen vart bygd i 1957. I Torvik var skulen ferdig i 1866. Bø Skulehuset i Bø kom først i 1912. Det var det siste fastskulehuset i kommunen. Før det gjekk elevane på skulen på Bautane på Frøystad. Siste åra før skulen vart lagt ned i 1910 var han skule for første til femte klasse.

Remøya

I 1878 vart det bygd skule på Remøy. Frå Rabben ser det ut til at dei bygde skulen av eit hus som var 14 år gammalt og som dei flytta og bygde om til skule.I 1821 var skulen så falleverdig at det var uråd å bruke det lenger, vart det hevda, vøla vart han brukt fram til 1932, då helserådet stengde han. Ny skule vart bygd i 1939. Den skulen vart utvida og godt vedlikehalden og står framleis sjølv om Remøy skule vart nedlat i 2010.

Gurskøya

Moltu

På Moltu vart det bygd skulehus i 1865. Den låg nede ved sjøkanten og vart dyr. Det var større enn dei andre skulane i prestegjeldet og var bygd med loft og ikkje i røykstoveform, slik dei andre skulane var. Men etter kvart vart det klaga både på at skulen var blitt for liten og at han låg altfor nær sjøen. I 1904 fekk dei nytt skulehus og det gamle huset vart seld til ein privatperson. Den nye skulen vart utvida og ombygd i 1934 og 1962.

Frøystad

Første skulen i Frøystad krins vart ferdig i 1866. I 1870 var skulen flytta til Bautane, og i 1918 vart det oppført nytt skulehus nær grensa til Frøystadvågen. Der kom tilbygg i 1974 og skulen vart nedlagd i 2010.

Myrvåg

I 1877 kom det skule i Myrvåg krins. Denne skulen vart seld til Ålesund Jern og metallarbeidarforenining i 1917 då dei bygde ny skule i krinsen. Den skulen brann ned i 1918, men ny skule stod ferdig i 1919. Den vart lagt ned i 2009. Skulehuset står.

Tjørvåg

Klungsøyr skule vart bygd i 1881. Ny skule vart bygd i 1948.

Bergsøya

Dette er eit bilde frå Bergsøy, Herøy, i 1927. Desse karane er i ferd med å bygge ny skule på øya. Den skulen står forresten den dag i dag (sjå under). Men bak i bildet ligg den gamle skulen, bygd i 1880-åra. Den kjøpte samfunnet på Flåvær, tok ned og frakta til ein ny stad, slik brukvisa har vore på det trelause Sunnmøre i fleire hundre år. Skulen står enno og er det eldste skulehuset i Herøy.

I Myklebust krins vart det skule i 1884 og i Berge krins i 1886. På Myklebust kom det ny skule i 1917 og den gamle skulen vart ståande til bruk for framhaldskule. Myklebustskulen vart riven like etter årtusenskiftet. I 1927 kom det òg ny skule i Berge krins. Skulen frå 1927 (sjå over) gjekk til grunneigar då det vart bygd skule for heile Bergsøya i 1955. I tida frå 1942 var det både folkeskule og realskule i denne skulen. Den eldste skulen vart seld til Flåvær (sjå under) der han står enno.

Runde På Runde var det òg omgangsskule fram til 1899, då eige skulehus vart reist. Skulen vart vølt på 1950-talet, utvida på slutten av 1990-talet og lagt ned i 2001