Forsandlandsbyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mai 2008 kl. 08:00 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: På Forsandmoen i Forsand kommune har arkeologane dokumentert ei landsbybusetjing frå bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Nore...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

På Forsandmoen i Forsand kommune har arkeologane dokumentert ei landsbybusetjing frå bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg.

Flateavdekking

Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen. Særleg når det gjaldt å påvisa spor etter bygningar viste flateavdekkingsmetoden seg å ha eit stort potensiale. Hol etter nedgravne stolpar teikna seg klart i undergrunnen etter at matjorda var fjerna. I alt vart eit areal på om lag 100 mål avdekka på forsandmoen i perioden 1980-90. Også seinare har det vore fleire arkeologiske undersøkingar på moen.