Bokn kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen består av dei tre bebudde øyane Vestre Bokn (Loten), Austre Bokn og Ognøya på nordsida av Boknafjorden, og 121 andre øyar, holmar og skjer. Han har såleis ikkje grenser over land, men har sjøgrenser til Karmøy kommune, Tysvær kommune, Stavanger kommune og Kvitsøy kommune. Bokn kommune vart grunnlagd i 1849, då han vart skild ut frå dåverande Skudenes kommune. Bokn kommune har hatt uendra grenser til no, medan Skudenes kommune vart del av Karmøy kommune i 1965. Les mer ...
|