Forside:Islam

Moskéen i Åkebergvn. i Oslo i 1995.
Foto: Olve Utne
Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han har sidan 1990-åra vore den nest største religionen i Noreg, og gjer seg særleg gjeldande i hovudstadsområdet. Om lag 75 % av dei norske muslimane bur i Oslo og Akershus. Tilhengarar av islam, kjende som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allāh openberra seg for menneskja gjennom Muḥammad og andre profetar, inkludert Adam, Nuh (Noah), Ibrahim (Abraham), Musa (Mosjé, Moses) og Jesus. Muslimar trur at Muḥammad var den siste av profetane og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg i 1260-åra, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare antal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før etter andre verdskrigen.