Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle.
MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO.
L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen,
Kjøllefjord i
Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar.
Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på
doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen
Hud og dekk litt meir detaljar om.
Les mer …