SS «Nevada», modell, babord side
Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund 62.47408549° N 6.15181299° Ø gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.
Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk. Les mer …
John Moses. Etter miniatyr. John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der. På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga. Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv. Les mer …
Grip stavkirke og noen av de fargerike husene på Gripholmen. Foto: Arnfinn Kjelland (2005)
Grip (uttale: [gɾi:pʰ] med lang i) er ei gruppe på omkring åtti øyer og holmer rundt halvannen mil utafor Kristiansund på Nordmøre. Øyene var fra 1897 til 1964 egen kommune. De ble fraflytta i 1970-åra, og er nå et attraktivt turistmål for dagsturer på sommeren. Tilsammen har øyene og holmene et areal på rundt en halv km². Bebyggelsen på øyene er samla på Gripholmen, som er den største av øyene – 40 dekar av totalt 48 for alle øyer og holmer. Unntaket er Grip fyr, som ligger på Bratthårskollen.
Da Grip kommune ble innlemma i Kristiansund i 1964, var det bare 104 innbyggere på øyene, som utgjorde landets minste kommune både i areal og befolkning. Etter dette gikk det raskt nedover for øysamfunnet. I 1969 ble losstasjonen nedlagt, og i 1974 flytta de siste fastboende, med unntak av fyrvokteren. Les mer …
Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker. Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953. Les mer …
Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914. Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich Schmidt på Blindheim.
Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand. Les mer …
|