Grøvelsjøen ( norsk) eller Grövelsjön ( svensk), sørsamisk Guevteljaevrie, er ein smal, nord–sørgåande innsjø som ligg i Engerdal kommune i Innlandet fylke i Norge og i Idre i Älvdalens kommun i Dalarnas län i Sverige. Namnet heng saman med det usamansette elvenamnet Grövlan (lokal uttale Grövla). Grövlan renn frå Grøvelsjøen nedetter Gröveldalen og munnar ut i Storån, som i sin tur munnar ut i Idresjön. Grøvelsjøen ligg 762 meter over havet og er 4,1 km² i utstrekning. Han er langsmal, med 6,6 km avstand frå nordligaste til sørligaste punktet og største breidd på i underkant av 800 meter. Ved vestsida krummar vatnet seg lett kring sida av Sjøhøgda ( Sjöhöjden, 1121 moh.) med ymse andre toppar attom, inkludert Digerhogna (1294 moh.). Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
Bygdebok for Engerdal er et verk som har kommet ut i to etapper. På slutten av 1960-tallet utgav Ottar Andersen Bygdebok for Engerdal bind 1-3. Disse bøkene dekker gards- og bygdehistoria fram til begynnelsen av 1960-tallet. I 2000-åra ble det satt i gang et oppdateringsarbeid for tida mellom 1960 og 2005, og Harald Hvattum ble ansatt som forfatter. I 2010 kom det ut tre bind med grendehistorie, bosetnings- og slektshistorie, mens det året etter ble utgitt en kommunehistorie, i anledning Engerdal kommunes 100-årsjubileum. Les mer …
|