Forside:Seljord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:14 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Vestfold • Telemark (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Seljord kommune
0828 Seljord komm.png
Seljord kommune – gamal nemning Sillejord – er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar i nord til Tinn, i aust til Hjartdal og Midt-Telemark, i sør til Kviteseid, og i vest til Tokke og Vinje. Høgaste punkt er Brattefjell, 1 541 moh. Namnet kjem av trenamnet selje og gerði, «inngjerdet jordstykke».

Seljord omkrinsar Seljordsvatnet (17 km²), og har mykje turisttrafikk på grunn av Seljordsormen, Countryfestivalen, Dansebandfestivalen og ikkje minst landbruksmessa Dyrsku'n, som har vorte skipa til sidan 1866. Andre helga i september kjem det kvart år 60-80 000 til dette arrangementet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
<onlyinclude>
Åmotsdalsvegen med Dyrlandsdalen bru og den gamle skulen.
Foto: Roy Olsen
(2021)

Åmotsdalsvegen i Seljord kommune går vestover frå Flatdalsvegen, gjennom Dyrlandsdalen og Åmotsdal til kommunegrensa mot Vinje der han møter vegen Drivarbekkdalen. Han er 22,3 kilometer lang.

Vegen har namn etter Åmotsdal og vart offisielt namnsett i 2005. Åmotsdalsvegen er ein del av fylkesveg 3422, tidlegare fv. 503.<onlyinclude>

Dyrlandsdalen bru

Åmotsdalsvegen i Åmotsdal sentrum.
Foto: Roy Olsen
(2021)

Den gamle Dyrland bru, steinkvelvsbrua frå 1921 over Åmotsdalsåi, var blitt for smal etter dagens krav og hadde behov for utbetring eller utskifting. Det vart beslutta å byggje ny bru med endra vegkurvatur sør for den gamle. 3. oktober 2018 opna den nye, 42 meter lange Dyrlandsdalen bru for trafikk. Ansvaret for den gamle steinbrua vart overført til Seljord kommune.

Galleri

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Statens vegvesen: Detaljregulering for nye Dyrland bru - Planomtale Utg.3 2016
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.


Koordinater: 59.57025° N 8.54672° Ø   Les mer …

Plakat til ei av dei fyrste Sommarutstillingane på tidleg 70-tal
Foto: Utforma av kunstnaren Erlend Grøstad / Anne Brit Borgen, foto

Seljord kunstforening blei stifta september 1968 m.a etter initiativ frå Seljord husmorlag og lokale kunstnarar. Ein kan hevde at kunstforeininga førde vidare dei ideane som Norsk bygdekunstlag var tufta på – og som også hadde hatt eit lag i Seljord.

Sommarutstillinga i Seljord trakk etter kvart eit stort publikum. Kunstforeninga fekk eigne lokaler i Kunstlåven, som blei godkjend som regionalt kulturhus. Laget fekk Seljord kommunes kulturpris i 2003.   Les mer …

Seljord Meieri på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 882.

Seljord Meieri vart skipa som eit andelslag 19. september 1937. Frå byrjinga var ordførar O. L. Bjørge formann i meieriet.Allereie i 1890 vart det skipa eit smørmeieri i Seljord kommune, men dette var berre i drift i nokre få år. Seinare ordna Seljord Handelslag til eit smørlag som vart ei kjærkomen hjelp i mange år. Fyrst i 1937 vart det skipa eit ordentleg meieri i Seljord.

Meierilaget overtok Borgen frå Seljord Sparebank sitt konkursbo i 1937. Staten hjalp til med både bidrag og lån. Disponent Benterud var konsulent ved innreiing og montering av kjelleretasjen til meieri. Ein sette også inn utstyr til å lage geitmysost. Meieriet vart meldt inn i mjølkesentralen og fekk ta i mot mjølk og fløte frå 1. februar 1939.   Les mer …

Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.   Les mer …

Flatdal sett fra Nutheim.
Foto: Siri Iversen
Flatdal er en liten bygd som ligger midt i Seljord kommune. Bygda er ca. 100 km² stor og har ca. 400 innbyggere. Flatdal består for det meste av en stor flate med dyrket mark og tre fjell, Skorve i vest, Mælefjell i øst og Bindingsnuten i nord, som ligger på hver sin side av bygda, og med et lite vann, Flatsjø, i sør. Bygda er formet som en U-dal og er blitt til gjennom flere tusen år med 10-18 isbreer. Flatdal ble lenge omtalt som Norges eneste landsby. En ser imidlertid store likhetstrekk med vestlandske gardstun, klyngetun, der mange bruk, og husene til de ulike brukene er plassert tett sammen, mer eller mindre uregelmessig i forhold til hverandre. I Flatdalslandsbyen finner en 10 gardstun og 40 hus samlet rundt Tunvollen - vegkrysset sentralt i bygda. Arne Berg forklarer konsentrasjonen av bebyggelsen slik: "Flata har vore så utsett for flaum at her har ikkje vore råd å byggja. Dei har bygt i nord-vestlegaste enden, der det er liksom eit nes som stikk fram med noko grov morenemasse og gjer det litt høgare i lendet." Jorda til gardsbrukene ligger som teiger utover mot Flatsjø.   Les mer …

thumb
Foto: 250px
(Kommunevåpnene til kommunene som inngår i Vest-Telemarkbiblioteka.)
Vest-Telemarkbiblioteka er folkebibliotekene i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal,Seljord, Tokke og Vinje samt Hjartdal. Bibliotekene bruker Mikromarc3 biblioteksystemer, og har felles søkbar bokbase. Samarbeidsformen utnytter kompetanse og ressurser til brukerenes beste i en region med store avstander og spredt bosetning. Samarbeidet kom igang uten prosjektmidler fra ABM-utvikling. Vest-Telemarkbiblioteka har på mange måter gjennomført de beste ved intensjonene i Bibliotekreform 2014.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Seljord kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar