Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:22 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kolbein Skaare. Fotograf ukjent (Kr. Stakston?).
Kolbein Skaare (fødd i Stryn 10. mars 1873, død i Skjåk 1932) var lærar, klokkar og lokalpolitikar i Skjåk. Han var ordførar der 1914-16 og 1920-22. Han representerte Venstre, eller nærare bestemt Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti. Kolbein Skaare gjekk lærarskulen på Stord. Han hadde også vore ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord, moglegvis på sommarkurs for lærarar som vart haldne der. Fyrste lærarstillinga etter endt utdanning hadde Skaare på Voss. Deretter var han eit par år i Torpa, før han i 1898 kom til Skjåk, der han var tilsett som lærar og klokkar i Nordberg anneks.   Les mer …

Fanejunker E.C.Brandser
Foto: Ukjent.
Erik Christensen Brandser (fødd i Skjåk 21. juni 1865, død same stad 7. april 1945) var gardbrukar og underoffiser (fanejunker). Han var ein aktiv samfunnsdebattant, og hadde fleire offentlege stillingar og tillitsverv. Han gjorde seg særleg gjeldande i ålmenningspolitikken, og var ein av leiarane i riksmålsleiren i den langvarige striden om språkskifte til nynorsk i bygda. Han stod klårt til høgre i sine politiske standpunkt, men kan ikkje sjåast å ha stilt til val til kommunestyret eller markert seg i andre partipolitiske samanhengar.   Les mer …

Tore Ørjasæter som ung mann (1906)
Foto: Johan von der Fehr
Tore Ørjasæter (fødd i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og to essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet sitt utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda Bråtå og oppveksten der har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, det kreative menneskets fridom og rett til utfalding versus medmenneskeleg ansvar og nestekjærleik. Dessutan utspelar det seg ein kjønnskamp i fleire av hovudverka hans. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta frå Ørjasæters hand er venteleg «Malmfuru», «Elgen», og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling.   Les mer …

Frå hytta til Edvard og Anne Grimstad på Sota. Frå høgre: Edv. Grimstad, Anne Grimstad, ukjent, Trygve Steinbakke (frå Skjåk). Turiststaden Sota sæter ligg på andre sida av elva/vatnet.
Foto: Ukjent

Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.

Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.   Les mer …

Erik Rudser.
Foto: Ukjent
Erik Johannessen Rudser (fødd i Skjåk 17. desember 1867, død i Lom 25. august 1949) var lærar og kyrkjesongar i Lom hovudsokn i meir enn ein mannsalder. Han var ein oppglødd norskdomsforkjempar, og som skulestyreformann fekk han mykje å seie for språkskiftet til nynorsk i Lom.Han var fødd på garden Nistun Russar på Ramstadstronda i Skjåk, der foreldra var brukarar. Faren var Johannes Gregoriussen (1830-1907). Mora Marit Erlandsdotter (fødd 1834) var frå Kvåle i Skjåk. Erik var den sjette av i alt ni born.   Les mer …

Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.

Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar