Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Skilt i glasdisken i Seven–eleven ved krysset mellom Munkegata og Dronningens gate i Trondheim: «Kakskiv» (‘brødskive’).
Foto: Olve Utne
(2009)
Trønder eller trøndermål, òg kalla trønderdialekt, trøndsk eller trøndersk, er ei av hovudgruppene av norske dialektar. Trøndermåla blir tradisjonelt snakka i heile Trøndelag fylke og på Nordmøre; og i tillegg i Bindal kommune i Nordland; i Frostviken og Herjedalen i Sverige; samt i Elgå og Kvikne i Nord-Østerdalen. Strukturelt er trøndermåla særprega av tjukk l, jamvekt og varierande grad av apokope. Alle desse trekka er felles med norrländska (inkludert jamska) i Sverige og austsvenske mål på vestkysten av Finland og i Estland. Innanfor Norge er trøndermåla strukturelt sett mest i slekt med austlandsmåla og ordgeografisk sett vel så nært i slekt med nordnorsk.   Les mer …

Kart over Sverige med kommunane innanfor Förvaltningsområdet för samiska språket innteikna i gult.
Förvaltningsområdet för samiska språket i Sverige er ei gruppe av kommunar der samiske språkbrukarar har rett til å bruke språket sitt i visse samanhengar. Dette inkluderer førskule, eldreomsorg og kontakt med kommune og stat. Det finst derimot ikkje nokon rett til samisk som førstespråk og opplæringsspråk i grunnskulen i Sverige. Förvaltningsområdet för samiska språket inkluderer alle svenske kommunar som grensar til Noreg mellom Trysil i Hedmark og Storfjord i Troms. I tillegg er innlandskommunane Östersund, Dorotea, Lycksele, Malå og Arvidsjaur så vel som kystkommunen Umeå inkludert.   Les mer …

Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt.   Les mer …

Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Tornesamisk eller karesuandosamisk, òg kjent som markasamisk i Ofoten og Troms, er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Noreg frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn for Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier


 
Andre artiklar