Forside:Sunnmøre

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Sunnmøre
Kart over Sunnmøre, med Nordre og Søre Sunnmøre markert.

Sunnmøre er den delen av Møre og Romsdal fylke som ligger lengst sørvest. Tidligere var dette Søndmørs fogderi. Sammen med de to landskapene og tidligere fogderiene Romsdal og Nordmøre danner Sunnmøre fylket Møre og Romsdal. Landskapets natur domineres av mange øyer, Sunnmørsalpane og lange og trange fjorder (blant annet Geirangerfjorden som befinner seg på UNESCOs verdensarvliste).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.   Les mer …

Gamlegymnaset i 2009, før oppussingsarbeidet starta.

Gamlegymnaset i Volda vart bygd av Bergenhusiske regiment i 1851 til kapteinene sine. Difor vart bygget kalla «Kapteinsgarden». Huset hadde ei grunnflate på 150 m2 og vart bygd med èin etasje.

I 1891 kjøpte Aage Stabell huset for å begynne med «Millomskule». I 1910 kjøpte Johan Fredrik Voss og Olav Riste for å drive skule vidare, og det vart det første treårige gymnaset på landsbygda i Noreg. På den tida vart bygd på ein 2. etasje, og huset vart slik vi kjenner det i dag.   Les mer …

Kystlagets lokaler frå brygga

Sunnmøre kystlag vart oppretta i 1995 og er eit kystlag for Ålesund og omland. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har 50 medlemmer (2014). Laget arbeider for bevaring og aktiv bruk av trebåtar, naust og alt som dei definerer som kystkultur.

Kystlaget overtok i 2014 eit notnaust i Nørvasundet, Rasmusvegen. Notanaustet er nå under restaurering med støtte frå Stiftelsen Kjell Holm.

Onsdagane i sommarhalvåret møtast laget på Sunnmøre museum til seilas på Borgundfjorden med lagsbåtane Sunnmøringen og Rasmus.   Les mer …

Dette er ei lita rabbekule, ser ut som ein liten jordhaug. Det er det og, men inni er to trllebårer med rabbe, kålrot.
(2009)
Rabbekule, det er rabbe (dialekt for kålrot), lagt i kule. Det er ein måte å vinterlagre rabbe på som var utbreitt før, og utover på 1950- og 1960-talet. Klimatiske forhold er vel årsak til at denne lagringsmåten var nytta mange stader på vestlandskysten. I vårt moderne samfunn er dette avleggs, no er ferskvarene i butikken og vert etterfylt frå kjølelager. Ved å legge i kule så held rotfrukta seg frisk grunna den råmen som kjem frå jorda. For å få eit godt resultat må ein sikre at innhaldet i kula ikkje frys. Ein startar med å legge litt bar på bakken, gjerne granbar. Det hindrar at det vert mykje jord på dei rabbene som ligg på botnen. Vidare legg ein opp rabbene i ei pyramide med størrelse etter mengde. Utsida vart kledd med eine eller granbar, var det tilgong på halm så vart det nytta. Til slutt vart det lagt på eit godt lag med jord, men heilt på toppen må det vera ventilasjon.I fint vårveir den 18 april 2011 vart kula opna og resultatet såg fint ut, svert fint, alle rabber var friske og fine.   Les mer …

Kart over Borgundfjorden om omgjevnader 1882
Borgundfjordfisket er et torskefiske som hovedsaklig foregår i Borgundfjorden. Fisket strekker seg over en lengde på 10-12 kilometer og det blir også fisket i Hessafjorden og i noen gode år blir det også satt garn i Aspevågen. Fisket begynner i midten av januar, men det er gjerne ikke skikkelig fangst før i februar. I tidligere tider regnet en at fisket varte fra kyndelsmesse (2. februar) til marimesse (25. mars).   Les mer …

Fiskarstrand Verft AS er eit aksjeselskap og skipsverft i Fiskerstrand i Sula kommune i Møre og Romsdal. Verftet byggjer nybygg men tar også reparasjonar, særleg av ferjer og fiskebåtar. Tørrdokka kan ta fartøy opp mot 150 meters lengd. Verftet samarbeider med det litauiske Western Shipyard, og dei to verfta eig 50 % kver i fellesføretaket Fiskerstrand BLRT AS. Verftet blei grunnlagt av Peder E. Fiskerstrand i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnmøre
 
Andre artiklar