Forside:Sykkylven kommune

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
A. Rellings lenestolmodell frå 1939.
Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre. Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven.   Les mer …

Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening
Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.   Les mer …

Kulturhuset i Sykkylven.
Foto: Sykkylven kommune

Sykkylven kulturhus stod ferdig til bruk i 1969. Dei første åra gjekk det under namnet Sykkylven samfunnshus. Det var Sykkylven frilynde ungdomslag som var hovuddrivkraft bak bygginga. Fram til 1969 hadde laget halde til i ungdomshuset Valhall. Valhall stod der Intersport B.S. Aure er i dag. Valhall vart bygd i 1914 og i slutten av 1950-åra var det behov for ein større og kostbar reparasjon. Laget kom til at nytt bygg på ny tomt ville vere det beste, og tomt vart kjøpt på eit stykke aust for staden der Sykkylvsbladet ligg i dag.

Ungdomslaget hadde ein del midlar som kunne settast inn i eit nytt hus. I 1939 starta ungdomslaget og Aure Sanitets Gjentelag kinodrift i Valhall med 50 % eigardel kvar. I utgangspunktet var det tenkt at overskotet av kinodrifta skulle gå til bygging av folkebad. I åra etter krigen fekk folk flest baderom i eigne husvere, trongen for eit offentleg bad var derfor ikkje lenger påtrengande. Pengane kunne difor nyttast til andre prosjekt, og bygging av eit nytt samlingshus vart eit slikt prosjekt.   Les mer …

Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.   Les mer …

Ecco-stolen til Møre Designteam (1970).
SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen, som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og formgjeving, og etter fagutdanning i møbel på Borgund Yrkesskule gjennomførte han møbeldesignutdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I sommarferiane arbeidde han ved designkontoret til Ingmar Relling i Sykkylven. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal.   Les mer …

Formfin i 1950-åra.
Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars O. og Jakob O. Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide. Sidan 1970-talet har fabrikken vore ein av dei største salongprodusentane i Noreg, og modellane «Flexi» og «Verona» er mellom dei mest kjende. I 2009 gjekk møbelprodusentane i Sykkylven saman for å lage verdas lengste sofa, og Formfin sin salongmodell «Basic» vart då vald som grunnlag. Formfin Møbler AS rår i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 11.000 kvadratmeter.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar