Forside:Tokke kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. apr. 2011 kl. 21:43 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar |Distrikt = Vest-Telemark }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Vestfold • Telemark (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Tokke kommune
0831 Fyresdal komm.png
Tokke kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Tokke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i fylket, og grensar til kommunane Vinje, Kviteseid kommune, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle. Høgaste punkt er Urdenosi, 1 520 moh.Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida. Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn. Gruvedrift vart drive på Åmdals Verk fram til 1945. Gruvedrift i området starta allereie i 1540, og gjekk føre seg i over 400 år. Koppermalmleia på Åmdals Verk vart funne i 1689. Tokke er ein kommune med store vasskraftressursar. I Eidsborg ligg ein av Vest-Telemark museum sine avdelingar der ein mellom anna finn den vakre Eidsborg stavkyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Herman Olsen Gjellhus, Nesland i Vinje; Aasmund Nordgaard, Dalen, portrettert i august 1857 av Adolph Tidemand
Aasmund Saamundsen Nordgaard (Aasmund Saamundson Norgaard) født 1776 på Gjersund i Morgedal. Familen kommer fra Huvestad i Kviteseid, Telemark. Han døde på Dalen i 1864.Aasmund Nordgaard ble oppfattet som en «ganske interessant personlighed»; Begavet byggmester, mekaniker, metallarbeider, urmaker, idéskaper, oppfinner og politiker. Presten Simon Olaus Wollf kaller han «Prosjektmaker».   Les mer …

Lårdal Fabrikker før brannen kring 1920.
Lårdal Fabrikker blei skipa i 1916. Fabrikken var ein trevarefabrikk som låg nede ved bryggja ved Bandak i Lårdal i Tokke kommune.Fabrikken blei skipa som eit lutlag av Jon og Kjetil Kleve. Interessentar teikna seg for ein eller fleire lutar av 250 kr, og med ein startkapital på 1/2 million tok dei til å byggje ein kraftstasjon i Lårdalsåi i 1916[1], eit moderne sagbruk, eit høvleri, ein stor lagerbygning og ei dampturke. Kraftstasjonen var på 285 kW.[2] «Sagbruksbygningen hadde ei grunnflate på 400 m² og var bygd i to høgder med dobbel sagspindel, hunkappe og elektrisk turke i 2. høgd, klyvsag, dobbeltkante og høvelmaskin i 1. høgd. Fotutan ein lagerbygnad på 600 m² grunnflate høyrer det til anlegget ein snikkarverkstad [...].»[3]   Les mer …

Landhandelen "Tønsberg" vart drivi av Olav Jore frå 1918.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Tønsberg Landhandel vart starta rundt 1890 av Ø. M. Roaldkvam frå Suldal i Rogaland. Forretninga låg i krysset Dalen-Skafså-Åmot. Seinare vart forretninga overdratt til Rikard Svalastoga. Frå 1906 heitte forretninga A/S Svalastoga & Co. I 1818 tok Olav Jore over forretninga, og dreiv den som assortert landhandel i alle fall fram til 1949.

Olav Jore hadde tidlegare vore handelsstyrar ved Håtveit Handelslag. Sjølv om det var far til Olav, Såvi Jore, som hadde forkaupsrett til Tønsberg Landhandel, var det Olav som fekk overta 1. januar 1818.

Landhandelen hadde bakeri, slakteri, pølsefabrikk, røykeri og kjølelager. Forretninga hadde dessutan lager av sprengstoff for Grubernes Sprengstoffabrikker A/S. Omsetninga til forretninga låg på om lag 110 000 kr. i året kring 1950. Varene som vart omsatt mest var kolonial, kjøtt- og pølsevarer, manufaktur, isenkram og steintøy. Av brød- og kjøttvarer vart mykje selt engros. Forrentinga leverte varer til hotell og kafear både innan- og utanbygds.   Les mer …

Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig.
Foto: Ukjent.
Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen.   Les mer …

Konservator Naty Svingjom Bjørshol sammen med Olav Grimdalen.
(1991)

Naty Aasne Svingjom Bjørshol (født 22. september 1918, død 29. april 2010) var magister i etnologi. Hun ble født på Rjukan som det sjette og yngste barnet til Aslak Olavsson Svingjom (1877-1948) og Signe Jørensdotter Aaren (1876-1966) fra Åmotsdal. Foreldrene drev forretning på Rjukan.

Naty Aasne utdannet seg ved universitetet med klassisk arkeologi, kunsthistorie og etnologi i fagkretsen. I studietiden arbeidet hun med registreringsarbeid både ved Nasjonalgalleriets håndtegning- og kobberstikksamling, og ved Kunstindustrimuseet.

Magistergradsavhandlingen hennes var om Norske gårdsstaller, og hennes prøveforelsening var om finnekulturen i Sør-Norge.Hun giftet seg i 1961 med designeren Arnulf Bjørshol (1921-1980) og bodde og arbeidet i Oslo blant annet i kirke- og undervisningsdepartementet som personlig sekretær for statsråd Birger Bergersen i hele hans funksjonstid og i Norsk kulturråd. Hun var Kirkedepartementets representant i kulturrådet. Her fungerte hun som sekretær bl.a. for Folkekunstutvalget Utvalg for samisk kultur og Norske Kunst-og kulturhistoriske museer: Om stillingsstukturen ved norske halvoffentlige museer.   Les mer …

thumb
Foto: 250px
(Kommunevåpnene til kommunene som inngår i Vest-Telemarkbiblioteka.)
Vest-Telemarkbiblioteka er folkebibliotekene i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal,Seljord, Tokke og Vinje samt Hjartdal. Bibliotekene bruker Mikromarc3 biblioteksystemer, og har felles søkbar bokbase. Samarbeidsformen utnytter kompetanse og ressurser til brukerenes beste i en region med store avstander og spredt bosetning. Samarbeidet kom igang uten prosjektmidler fra ABM-utvikling. Vest-Telemarkbiblioteka har på mange måter gjennomført de beste ved intensjonene i Bibliotekreform 2014.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tokke kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar


  1. Bangen, 1950, s. 31.
  2. Bakken, 1978, s. 40.
  3. Sætherskar, 1949, s. 824.