Forside:Tysvær kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Tysvær kommune
1146 Tysvar komm.png
Tysvær kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Haugesund kommune, Karmøy kommune, Bokn kommune, Stavanger kommune, Suldal kommune og Vindafjord kommune i Rogaland, og til Sveio kommune i Vestland. Tysvær kommune vart oppretta i 1849, da han vart skild ut frå Skjold kommune. I 1965 vart kommunen kraftig utvida: Heile Nedstrand kommune vart innlemma, Avaldsnes kommune vart delt mellom Tysvær og Karmøy kommunar, og Skjold kommune, Vats kommune og Vikedal kommune vart delt mellom Tysvær og Vindafjord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Cleng Peerson var medeigar i sluppen «Restauration», som i 1825 frakta den første gruppa av norske utvandrarar frå Stavanger til New York.
Cleng Peerson (fødd 17. mai 1783 i Tysvær, død 16. desember 1865 i Norse, Texas) var ein utvandrarpioner. I 1825 sto han bak den første organiserte utvandringa frå Noreg til USA, etter at han i 1821 hadde reist over på oppdrag frå kvekarane for å undersøkje forholda. I 1847 slutta han seg til det svenske samfunnet Bishop Hill i Henry County i Illinois. Dette var eit kristen-kommunistisk samfunn, der dei svenske utvandrarane eigde alt i fellesskap. Det var her han gifta seg med Maria Charlotta Dahlgren, som var 26 år yngre enn han. Truleg døydde ho under ein koleraepidemi i Biskop Hill i 1849. Cleng Peerson reiste frå Bishop Hill etter dette. Det har vore hevda at han ønska å danne eit tilsvarande norsk samfunn, med felles eigedom, men opplevinga frå Bishop Hill svara ikkje til forventningane. Cleng Peerson skreiv sjølv berre nokre få brev og avisartiklar som er kjend. Han fekk ein del kritikk for å drive amerikapropaganda; utvandringa var omstridt, fordi den tappa Noreg for arbeidsføre folk.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.   Les mer …

Odd Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død 24. juni 1971) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.   Les mer …

Jens Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann. Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Gjertrud Grøtnes Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Gjertrud Grøtnes Aarsand (født 13. august 1893 i Hemne, Sør-Trøndelag, død 28. juli 1980) var lærerinne og poståpner. Hun bodde og virka lengst i KvalavågAvaldsnes, i nåværende Karmøy kommune. Hun deltok også i det kristelige ungdomsarbeidet og i søndagsskolearbeidet og var dessuten medlem av misjonskvinneforeninga og edruskapsnemnda. Aarsand var formann i husmorlaget i bygda. Hun var datter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Gjertrud Grøtnes gikk først Fredly ungdomsskole i Trondheim (1913) og tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1917.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysvær kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar