Friarferdi til Gjøtland: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Friarferdi til Gjøtland.jpg|Oppskrifta frå 1612 av ''Friarferdi til Gjøtland'' er den eldste av ein mellomalderballade i Noreg.|Norsk folkeminnesamling}} | {{thumb|Friarferdi til Gjøtland.jpg|Oppskrifta frå 1612 av ''Friarferdi til Gjøtland'' er den eldste av ein mellomalderballade i Noreg.|Norsk folkeminnesamling}} | ||
'''''[[Friarferdi til Gjøtland]]''''' er ein ballade frå [[mellomalderen]]. Han vart nedskriven i 1612, og dette er den eldste oppskrifta vi har på ein norsk mellomalderballade. Vi veit ikkje kven som skrev han ned og kven som framførde han, men teksten hamna på eit | '''''[[Friarferdi til Gjøtland]]''''' er ein ballade frå [[mellomalderen]]. Han vart nedskriven i 1612, og dette er den eldste oppskrifta vi har på ein norsk mellomalderballade. Vi veit ikkje kven som skrev han ned og kven som framførde han, men teksten hamna på eit vis på ein gard i [[Volda kommune|Volda]]. I 1868 skulle dei brenne gammalt rask der, og papiret vart ved eit tilfelle redda ut av bålet. [[Jacob Nilsson Kobberstad]] sende det til [[Sophus Bugge]], som forsto kva det var han fekk i hende. | ||
Handlinga i visa er at herr Peder drog på friarferd til det heidenske Gjøtland for å fri til ei prinsesse. Han møtte både magi og ville dyr, men vann over alle hindringar. Prinsessa hadde drøymd at ho skulle gifte seg med ein kristen mann, og sa ja til frieriet. | Handlinga i visa er at herr Peder drog på friarferd til det heidenske Gjøtland for å fri til ei prinsesse. Han møtte både magi og ville dyr, men vann over alle hindringar. Prinsessa hadde drøymd at ho skulle gifte seg med ein kristen mann, og sa ja til frieriet. |
Sideversjonen fra 23. mai 2018 kl. 14:25
Friarferdi til Gjøtland er ein ballade frå mellomalderen. Han vart nedskriven i 1612, og dette er den eldste oppskrifta vi har på ein norsk mellomalderballade. Vi veit ikkje kven som skrev han ned og kven som framførde han, men teksten hamna på eit vis på ein gard i Volda. I 1868 skulle dei brenne gammalt rask der, og papiret vart ved eit tilfelle redda ut av bålet. Jacob Nilsson Kobberstad sende det til Sophus Bugge, som forsto kva det var han fekk i hende.
Handlinga i visa er at herr Peder drog på friarferd til det heidenske Gjøtland for å fri til ei prinsesse. Han møtte både magi og ville dyr, men vann over alle hindringar. Prinsessa hadde drøymd at ho skulle gifte seg med ein kristen mann, og sa ja til frieriet.
Det er ikkje kjend andre variantar av visa, men det er klare fellestrekk med den danske visa Brudefærden til Hedenland. Visa har 33 strofer, kvar på fire linjer. Enderimet er på forma axbx, med nokre unntak.
Oppskrifta ligg i Norsk folkeminnesamling sitt arkiv, Orig. ms. NFS S. Bugge r, 24-25. Balladen er ført inn TSB E72 i TSB-katalogen.
Litteratur og kjelder
- Friarferdi til Gjøtland på Norsk folkeminnesamlings nettsider.
- Friarferdi til Gjøtland på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Friarferdi til Gjøtland på Dokumentasjonsprosjektet (transkribering av oppskrifta).