Gimsøy Kloster a/s

Denne artikkelen handlar om industriverksemda Gimsøy Kloster A/S. Sjå eigen artikkel om Gimsøy kloster.

Gimsøy Kloster blei etablert som eit aksjeselskap i 1933. Frå byrjinga produserte verksemda fruktvin, men seinare vart det også produsert saft, leskedrikkar, hushaldnings- og bakeartiklar i tillegg til drinkmiksar og essensar. Verksemda låg frå byrjinga på Klosterøya, men flytta seinare til Kjørbekk i Skien.

Historikk

Verksemda vart starta på tomta til det gamle benediktinerklosteret som brann i 1546. Dette hadde klosterbygningar og hovudsete på Klosterøya i Skien. Gimsøy Kloster A/S tok namn etter Gimsøy kloster. I dag er det ingen spor etter klosteret på bakkenivå.

I 1933 vart den nye verksemda på Klosterøya starta. Her vart det produsert leskedrikkar. I 1941 overtok Elgsæter fabrikker Gimsøy Kloster, og etablerte dotterselskapet Norsk Fruktaroma a/s. Namnet blei endra tilbake til Gimsøy kloster i 1959. I 1973 blei Elgsæter fabrikker lagt ned, og Gimsøy Kloster flytta til eit nytt industribygg på Kjørbekk, under namnet Elfas Gimsøy a/s. Fabrikken blei børsnotert og overtatt av E. C. Dahl i 1984. To år seinare blei E. C Dahl kjøpt opp av Nidar, som seinare blei kjøpt opp av NORA Industrier. I 1991 blei Gimsøy Kloster innlemma i Stabburet gjennom fusjonen mellom NORA Industrier og Orkla.

Gimsøy Kloster A/S blei nedlagt i 2016.

Arkiv

Arkivet etter Gimsøy Kloster A/S er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder