Giske (øy)

Giske er den minste øya i Giske kommune og har rundt 600 innbyggjarar. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane.

Flate Giske med snø.

Kultur

 
Utsyn over Giske.

Namnet Giske er truleg avleidd av norrønt gizki, ‘duk’ eller ‘klut’, som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.

Øya har fornminne frå mange epokar, som Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå mellomalderen og det tidlegare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir vist fram annankvar sommar, fortel soga om arnungane. Giske sogelag arbeider med lokalhistoria på øya.

Geografi

Øya har ei flatevidd på 2,67 km². Ørnebakken på 26 m.o.h. er det høgaste punktet.

Ho blei forbunden med fastlandet i 1987, då brua til Valderøy sto ferdig. Vegnettverket blei seinare utvida med ein undersjøisk tunnel til Godøy.

Våtmarksområdet Makkevika er eit freda fuglemområde. Kystlina har mange fine sandstrender som blir brukte av både fastbuande og tilreisande. Dei mest besøkte strendene er Gjerdesanden, som er attmed brua, og Øygardsjøen som er nede med Mørekjøkken. På Kvalneset, vest på øya, vart det tidlegare tørka fisk.

Kjelder


  Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «øya Giske» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.