Grostulhaugane (veg i Bø i Telemark)
Grostulhaugane er ein hytteveg på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune. Den går vestover frå Grostulvegen og gjer ein krapp sving austover og ender blindt i hyttefeltet.
Vegen er 230 m lang og fekk namn etter stulen Grostul i 2013. Det ligg 12 hyttetomter attmed vegen, og pr. 2018 er det bygd på åtte av dei. Utbygginga starta kring 2010.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.