Gudbrandsdalens folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet.
Foto: Øyvind Holmstad (2011).

Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år.

Oppstarten og tida i Kvam 1902-1915

Frå Vik i Kvam, Gudbrandsdalen, medan Gudbrandsdalens folkehøgskule var der (ca. 1910).
Foto: Hans H. Lie.

Grunnleggjar og fyrste styrar for skulen var Rasmus Stauri (1867-1932) opphavleg frå Stryn. Han var lærarutdanna, og hadde mange års erfaring som lærar frå folkeskule, framhaldsskule og folkehøgskule før han sette i gang med sin eigen folkehøgskule. Han fortel sjølv at han var oppmuntra til dette mellom andre av Sven Moren og redaktør Johan Filseth i Gudbrandsdølen.

Det byrja i leigde lokale på Vik i Kvam hausten 1902. Lokala var skaffa til vegar av kyrkjesongar John R. Sætre i Kvam, som var ein god støttespelar for Stauri. Stauri arrangerte eit folkemøte om saka i august det året, der det møtte om lag 300 personar, og skulen fekk god søkning alt frå starten av. Nedre aldersgrense var 17 år. Det var 40 elevar på det fyrste kurset, som starta 13. oktober oktober og vara i seks månader. I det fyrste tiåret gjekk i alt 403 elevar ved skulen, derav 145 jenter. Dei aller fleste var gudbrandsdølar, men det kom også elevar langvegs frå, frå Stavanger, Skånevik, Østerdalen, Danmark. Det var ikkje internat ved skulen, så elevane budde på hybel på gardane i nærleiken.

Lærarane var ved sida av Stauri sjølv, cand. filos. Idius Nybø og Lise Høie (seinare Stauri).

Det fyrste året vart drive utan offentleg støtte. Elevane betalte kr. 5 pr. månad i skulepengar, men det var «fripladse for umbemidlede», som det heitte i utlysinga. Deretter mottok skulen tilskot frå stat, kommune og fylke på linje med andre slike skular.

Dei fyrste åra var det berre vinterkurs. Men i 1908 var det gjennomført eit to månaders praktisk «jentekurs» på vår/sommarstid. Desse jentekursa heldt fram etter at skulen kom til Hundorp, og vart regelbunde haldne til utpå 1960-talet.

Til Hundorp

Styrar og lærarstab ved Gudbrandsdalens folkehøgskule i 1927. Rasmus Stauri, Lise Stauri, Olav Naadland, Reidunn Bru, Anna Steig, Kristian Falkenhaug.
Foto: Ukjent.

Etter fyrst å ha fått tilbod om å flytte inn i Christopher Bruuns gamle skulelokale i Gausdal, Vonheim, i 1911, bestemte Stauri seg i staden for å kjøpe Hundorp gard i Sør-Fron som var til sals i 1914. Skulen flytta dit 9. april 1915.

Bygningane på Hundorp var i hovudsak oppførde av sorenskrivar John Iversen Randklev i 1850-åra, og dei vart nå ombygde og supplerte for å gjera anlegget føremålstenleg for ei ganske ambisiøs skuleverksemd. Det vart i tillegg til nyinnreidde klasserom både internatbygg, skulekjøkken, elevrom, forsamlingssal, gymnastikksal og badstove. et vart jamvel bygd eit tårn som eigna seg for undervisning i astronomi. Astronomen frå Lesja, Sigurd Einbu, tok ofte undervisningsøkter der. I 1930 vart det reist snikkarsalbygning, og det vart sett i gang ei eiga handverkaravdeling for gutar med snikring og skomakarlære.

Ragnvald Einbu tok på seg eit omfattande dekoreringsarbeid i 1924, og laga veggmaleri med motiv frå norsk og lokal historie.

Økonomien var til tider vanskeleg, da dei store investeringane skulle balanserast mot elevinntektene og dei tilskotsordningane som fanst. Samstundes svikta elevgrunnlaget noko i 1920-åra. Dei merka mellom anna konkurransen frå fylkesskulen som tidlegare hadde vore ambulerande i Gudbrandsdalen, men som frå 1924 vart lagt fast til nabokommunen Ringebu.[1] Familien Stauri kan vel også ha følt på ei viss konkurranse frå ein annan folkehøgskule som var i verksemd i Gudbrandsdalen i tidsrommet 1913-1922, fyrst i Gausdal, deretter på Dovre og til slutt på Sel. Styrar for denne frå starten og til 1918 var Olav Aukrust.(Sjå artikkel om Dovre folkehøgskule.) Utan at dette er omhandla i gjennomgådde kjelder, er det vanskeleg å sjå at det ikkje må ha oppstått ei slags identitetsrivalisering mellom på den eine sida skulen på Hundorp med det forpliktande namnet Gudbrandsdalens folkehøgskule, og på den andre sida skulen til Olav Aukrust, som uttrykkeleg skulle ta opp att arven frå Christopher Bruuns, Ivar Blekastads og Andreas Austlids pionerinnsats for den grundtvigianske skuleverksemda i dette dalføret 40-50 år tidlegare.

Idegrunnlag og fagleg innhald i Rasmus og Lise Stauris tid

Rasmus og Lise Stauri grunna skulen sin på Grundtvigs og Christopher Bruuns pedagogiske idear og kristelegnasjonale ideologi. I prinsippet vart dette idegrunnlaget fasthalde så lenge skulen var i drift, sjølvsagt med nødvendige justeringar i forhold til dei store samfunnendringarne som fann stad i skulens 70-årige historie.

I skuleplanen frå Rasmus Stauris tid var føremålet for skulen formulert slik:

«Det er ein ålmendanande skule for vaksen ungdom og byggjer si undervisning på folkeskulen og har til formål å vekkje og utvikle eit kristelegt og folkelegt åndsliv, gje dei unge gode og nyttige kunnskapar, so dei kan fylle sitt rom som gode og oplyste borgarar både i stat og kyrkje.»

Og Stauri utdjupar dette på følgjande vis, med ei aldri så lita finte til dei konkurrerande kristelege ungdomsskulane:

«Folkehøgskulane er bygde på kristeleg grunn, endå dei ikkje kallar seg ”kristelege” og set dette som eit skilt utanpå. Den heile oplæring er gjenomtrengt av eit kristeleg grunnsyn. – Dette står ikkje i motsetning til det humane, det ålmenmenneskjelege, og dei freistar å vise samanhengen her og sameine desse ting.
Etter sitt psykologiske og pedagogiske grunnsyn må dei og ta mykje omsyn til kjensle- og vilje-livet og ikkje berre til det reint intellektuelle, forstandslivet. Det er ikkje berre kloke og kunnskapsrike menneskje, men også gode menneskje skulen vil freiste å lære elevane sine op til. At borgarane er båe delar er nødvendig i eit fritt og velstyrt samfund.»

Elevplanen frå 1927 gjev eit oversyn over det faglege innhaldet i dei 36 timane skuleveke som elevane fekk:

  • Norsk, 9 timar
  • Historie, 4 timar
  • Naturfag, 5 timar
  • Rekning og bokføring, 6 timar
  • Geografi, 2 timar
  • Sjelelære, 1 time
  • Samfunnslære, 1 time
  • Song, 2 timar
  • Gymnastikk, 3 timar
  • Teikning, 1 time
  • Skriving, 1 time
  • Frie foredrag, 1 time

Det var dertil handarbeidstimar for jenter og gutar om ettermiddagen.

Ein gong i veka var det elevkveldar med foredrag, opplesing og anna program.

Are Stauris styrartid 1948-1972

Are Stauri (1912-1972) overtok styrarstillinga etter mor si i 1948. I heile hans tid vart skulen driven etter den klassiske folkehøgskulemodellen, men med viktige tilpassingar til den nye røyndomen som møtte vaksne og ungdomar særleg frå 1960-åra av. Skiftet i ideologisk vektlegging blir av Rasmus Stauri (son til Are og Dagny Stauri) framstilt slik:

«I planen frå 1964 kan ein lese at skulen ”vil prøve å vere til hjelp i alt opplysningsarbeod i dalen og landet". I førre epoken og fram til 1964 hadde det stått "stat og kyrkje". Nå vart identitet i samfunnet meir knytt til "respekt og forståing", og mindre til fedreland, stat eller kyrkje.»[2]

Kyrkjehistorie og bibeltime fall ut som fag allereie i Lise Stauris tid rett etter krigen, enda om den tradisjonelle andaktstunda vart halde ved lag til midt på 1950-talet. Kjønnsroller kom under debatt, og hadde sitt å seie for at søkinga til dei praktiske «jentekursa» i husstell og handarbeid gjekk ned. Nye fag kom inn, som psykologi og drama («sal og scene»). Kravet om «skuledemokrati» var medverkande til større vektlegging på elevkveldar og møteverksemd som elevane sjølve hadde ansvaret for.

Nordiske lærarsamlingar og anna kurs- og møteverksemd

Nordisk lærarkurs, sommaren 1927.
Foto: Ukjent.

I 1908 byrja Lise og Are Stauri med sommarkurs for nordiske lærarar, og dette vart eit fast innslag ved skulen nesten kvart år fram til 1968. Dei fleste deltakarane var frå Danmark, Sverige og Noreg, men også frå Finland og Island. Det kunne vere opp i mot 250 deltakarar på enkelte av kursa. Kursemna var i hovudsak knytta til norsk historie, samfunn og kultur. Folkemusikaren og kulturpersonlegdomen Pål Kluften var blant dei som over mange år bidrog til programmet på desse stemnene.

I Lise Stauris tid som styrar vart det internasjonale arbeidet styrkt med hyppige kurs i samarbeid med Foreningen Norden. Rett etter andre verdskrigen vart det halde ein større konferanse der for norske og britiske lærarar.

Etter 1973

Skulen på Hundorp var i privat drift knytta til familien Stauri til 1973, da styraren Are Stauri gjekk bort året før.

Frå 1973 vart skulen leigd og driven av Folkeuniversitetet i Noreg fram til 1983. I fire år deretter var det Gudbrandsdal ungdomslag som fyrst leigde og så kjøpte skulen.

I 1987 hende det tragiske at ein 16 år gammal elev tende på internatbygningen, som brann ned til grunnen. Etter det vart ikkje skuledrifta teken opp att. Sør-Fron kommune kjøpte anlegget, og bygningane har etter den tid vore nytta til ulike føremål, mellom anna som serverings- og overnattingsstad og til kontor for kulturverninstitusjonar.

Garden vart vald som Oppland fylkes tusenårsstad ved vedtak i fylkestinget 11. juni 1999.

Styrarar ved skulen

  • 1902-1932: Rasmus Stauri
  • 1932-1949: Lise Stauri
  • 1949-1972: Are Stauri
  • 1971-1972: Ole Vetldal saman med Are Stauri
  • Fyrste halvår 1972: Arne Bjerring Hansen
  • Andre halvår 1972-1973: Leiv Bjaastad
  • 1973-1976: Gunnar Kambestad
  • 1976-1977: Hallgjerd Brattset
  • 1977-1980: Lars Bjaadal

Kjelder og litteratur

  • Stauri, Rasmus: Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 25 år. 1902-1927. Oslo 1927.
  • Stauri, Rasmus (d.y.): «Gudbrandsdalens folkehøgskule 90 år», i Årbok for Gudbrandsdalen 1992, Dølaringen 1992.
  • Stauri, Rasmus (d.y.): «Folkeopplysning og danning på Hundorp» i Engen, A. og Stauri, R. (red.): Hundorp. Tusenårsstaden i Oppland. Det Norske Samlaget, Oslo 2005.

Referansar

  1. Stauri, R. 2005:191.
  2. Stauri, R. 2005:197.