Gunnar Utsond

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. apr. 2017 kl. 11:57 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Gunnar Utsond.png|Gunnar Utsond i 1913|Fotograf: L. Szacinski (firmaet) / Oslo Museum}} Gunnar Utsond (født på Nordgarden i Lundevallgrendi, Kv...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Utsond i 1913
Foto: Fotograf: L. Szacinski (firmaet) / Oslo Museum

Gunnar Utsond (født på Nordgarden i Lundevallgrendi, Kviteseid 31. august 1864[1], død på Neset i Sundkilen i Kviteseid 27. januar 1950) var ein bilethoggar frå Kviteseid i Telemark. Denne artikkelen er basert på Norsk biografisk leksikon sin artikkel om Gunnar Utsond.[2]

Familie

Foreldra til Gunnar Utsond var byggmeister og gardbrukar Olaus Svenkesen (1829–1899) og Hæge Nordbø (1836–1874). Han vart gift med Gunhild Øyan (født 17.3.1885, død 23.3.1972) 8. september 1903 i Kviteseid. Ho var dotter av Kjetil Øyan (1848–1905) og Kari Blikom (1845–1930).

Oppvekst

Utsond vokste opp i Kviteseid og byrja tidleg med treskjering. Då han var 17 år reiste han til Kristiania, der han kom inn på Den kgl. Tegneskole under Julius Middelthun. Samstundes utdanna han seg til tannlege og praktiserte ei kort tid i Larvik og Kviteseid. 1889 bestemte han seg for å satse på kunsten og reiste til København, der han vart elev av Stephan Sinding.

Debut

I 1894 debuterte Utsond med Gutt som spikker i Kristiania Kunstforening. Bilethoggarkollegaene reagerte då det vart kjendt at han hadde nytta seg av avstøypingar frå levande modellar. Å nytte avstøypingar som hjelpemiddel hadde vore ein vanleg teknikk i andre land. Kunstnarkollega Mathias Skeibrok karakteriserte likevel framgangsmåten som “Fusk og Humbug” i eit avisinnlegg. Utsond fekk likevel støtte fra mellom anna Christian Krohg, som meinte det viktigaste var at skulpturen var god – ikkje framgangsmåte som vart nytta.

«Helhesten» på Ekeberg, Sjømannsskolen, Oslo.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling. Rummelhof-Hansen Arkivnummer: 433

Liv og virke

Heime i Kviteseid modellerte Utsond sitt fyrste store verk, Og havet ga tilbake sine døde. Motivet var henta frå Johannes' åpenbaring 20,13, der dei døde kom opp av havet for å bli dømt for sine gjerningar. Skulpturen er i dag del av Norsk Folkemuseum si samling og ligg ute på Digitalt Museum, lenke. Også dette verket skapte avisdebatt. Utsond vart skulda for å ha stole ideen frå den britiske kunstnaren Frederic Leightons måleri med same tittel. Måleriet var utført i 1891–92.

I 1897 fekk Utsond stipend, og han reiste til Paris. Her laga han sitt andre hovudverk, Helferd. Motivet henta han frå norrøn mytologi, og skulpturen viste Nanna og Balder som styrta ned til dødsriket på ryggen av heilhesten. Skulpturen står utanfor sjømannsskulen på Ekeberg. Gunnar Utsond fekk gullmedalje for Helferd under Verdsutstillinga i Paris i 1900.[3]

Mellom 1915 og 1920 presenterte Utsond to utkast til eidsvollsmonument. Det eine viste Harald Hårfagre sitjende på toppen av ei søyle med eidsvollmennene i ring rundt basen og eit vassbasseng med fabeldyr. Det andre viste Frihetshymnen, og hadde i likskap med Gustav Vigeland sin monolitt eit relieff av nakne menneske som steig oppover søyla. På toppen sat Fossegrimen og spelte frihetshymnen.

Mellom 1909–21 verka Utsond som den fyrste bilethoggerprofessor ved Statens kunstakademi.

Statue på torget på Rjukan av Norsk Hydro-grunnlegger Sam Eyde (1866-1940), utført av Gunnar Utsond 1920.
Foto: Epost fra Mari Olsen til Stig Rune Pedersen

Eit utval av verka

  • Og havet ga tilbake sine døde, skulpturgruppe (gips), 1896 (ødelagt 1900)
  • Helferd, utkast (bronse), 1897, NG
  • Thomasine Lie og Jonas Lie, byster (gips), 1898, NBO
  • Helferd 1900, vist på verdsutstillinga i Paris s.å.; støpt i bronse 1914, oppstilt 1921 ved Sjømannsskolen på Ekeberg, Oslo
  • Johan Sebastian Welhaven, statue (bronse), 1908, Briskeby, Oslo
  • Amtmann Viggo Ullmann, byste (bronse), 1914, Seljord
  • Aasmund Olavson Vinje, statue (bronse), 1918–25 (avduka 1927), Skien
  • Sam Eyde, statue (bronse), 1920, Rjukan
  • Statsminister Gunnar Knudsen, byste (bronse), u.å. Borgestad
  • Torjus Sølverud, byste (bronse), 1930, Nes, Sauherad
  • Tormod Knutsen Borgejordet, byste (bronse), 1937, Kviteseid

Etterlatt materiale

  • Brev i Håndskriftsamlingen, NBO
  • brev og utklipp i NGs dokumentasjonsarkiv

Kjelder og litteratur

  • J. Nilssen: "Helhesten og Nationalgaleriet", i Aftenp. 7.6 1908
  • C. Krohg, Kampen for tilværelsen, bd. 1, 1920, s. 206–214
  • Norsk kunsthistorie, bd. 2, 1927, reg.
  • P. B. Soot: “Gunnar Utsond”, i Urd nr. 32/1934, s. 881f.
  • S. Onsager: “Gunnar Utsond”, i Aftenp. 31.8 1944
  • E. Opsund: “Gunnar Utsond”, i Årbok for Telemark 1958, s. 74–81
  • O. Thue: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • E. Østvedt, Telemark i norsk billedhuggerkunst, 1967, s. 48–71
  • Norges kunsthistorie, bd. 5, 1981, s. 341–344
  • A. Hagevik: biografi i NKL, bd. 4, 1986
  1. Kyrkjeboka for Kviteseid, SAKO, Kviteseid kirkebøker, F/Fa/L0007: Ministerialbok nr. I 7, 1859-1881, s. 44, Lenkedigitalarkivet.
  2. Kokkin, Jan. (2009, 13. februar). Gunnar Utsond. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 28. april 2017 fra https://nbl.snl.no/Gunnar_Utsond.
  3. http://www.soge.kviteseid.no/lag/hendingar/gunnar-karenius-utsond/helferd/