Håvard Hedde: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Håvard Hedde]]''' (''Håvard Folkesson Helle'', født [[1758]] i [[Valle kommune|Valle]], død [[1802]] i [[Bygland kommune|Bygland]]) var ein omstreifar frå [[Setesdal]] som er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han.  

==Barndom og ungdomsår==

Det fyrste ein veit om han er at han vart døpt i [[Valle kyrkje]] (ei tidligare kyrkje enn den som står no) den 16. juli 1758, og han var nok født ikkje lenge før dette. Foreldra var Folke Torjusson Helle og Targjerd Håvardsdotter frå garden [[Helle (Valle)|Helle]]. Namnet han er kjend under er den lokale uttala av Helle, som blir mest som ''Hedde'' på [[setesdalsdialekt]]. Foreldra gifta seg i 1741, og fekk fleire born før Håvard kom til verda. Då den siste av ungane kom i 1764 budde dei på [[Nedre Langeid (Bygland)|Nedre Langeid]] i Bygland, ein stad som nemnast i visa om Håvard.

Linje 5: Linje 7:
I 1776 fekk Håvard sitt fyrste møte med rettsmakta. Han mista det året faren, som vart gravlagt den 12. mai 1776. I juni same året fekk presten i Valle høyre frå Knut Arnesson Himme at Håvard hatt hatt seksuell omgang med ei ku. Dette var ein særs alvorleg skulding. Loven sa at den som var skuldig i slikt skulle straffast med «Baal og Brand». No brann dei ikkje lenger folk her i landet i 1776, men Håvard kunne bli halshogd om han var dømt og dei ikkje fann formildande omstende som kunne gje kongeleg nåde. Lensmannen vart satt i sving, og den 18. juni 1776 vart saka meldt til futen.

To dagar seinare vart Håvard og fleire vitne avhøyrd. Håvard nekta, og forklara at han i pinsa skulle besøke mor si på Helle. Ved [[Rysstad (Valle)|Rysstad-dammane]] hadde han løsna på buksene for å gjere frå seg, og nokon måtte ha misforstått kva som hende. Han peika også på at han ikkje var konfirmert og berre var 17 år gammal. Vitnene var den atten år gamle Ole Arnesson Rysstad og sekstenåringen Torjus Hallvardsson Rysstad. Dei fortalde at dei hadde sett Håvard ved ei ku, men Ole måtte medgje at dei hadde stått langt unna, og at dei ikkje hadde kunne sjå lemen til Håvard. Torjus var ikkje konfirmert, og var eit dårleg vitne, og når Ole også trakk seg trudde ikkje futen på dei. Han kalla det «Sladder og Børneværk», og Håvard vart løyst. Saka vart sendt til stiftamtmannen, men det er ikkje spor etter nokon tiltale. Ein kan sjå dette som eit teikn på at Håvard vart utsett for mobbing i unge år. Familien hadde dårlege kår, og betre vart det nok ikkje når faren døydde. Ei skulding som den Håvard fekk mot seg kunne vere ei tung bør, sjølv om han ikkje vart dømt, for bygdesnakket gjekk.  

==Militærtenest og frieri==

I 1778 vart Håvard innkalla til militæret. Han kom i 2. [[råbyggelagske kompani]], som var under 1. [[vesterlenske infanteriregiment]]. Våren 1779 vart han konfirmert i Valle kyrkje, 21 år gammal. Dette var seint, noko som var vanleg om ein hadde dårlege kunnskapar i kristendom. Skulegangen hadde det nok vore så som så med. I dei militære rullane finn ein informasjon om Håvard. Det står at han var i avdelinga frå våren 1778, og at han var 66 tommar høg. Dette er om lag 172-173 cm, om ein standard tomme på 2,61 cm vart nytta, og det er noko høgare enn normalen på 64-65 tommar.  

Linje 14: Linje 18:

Håvards militære karriere endte i 1788, då han deserterte den 19. september.
Håvards militære karriere endte i 1788, då han deserterte den 19. september.
==Straffesak==
Tidleg på året 1792 var Håvard arrestert i [[Tvedestrand]] for å ha kome med trugsmål. Han skal ha vore rusa så han mest ikkje kunne gå, og skjelte og banna. Det vart og nemnd at han tagg i byen. Den 30. januar 1792 vart han avhøyrd i [[Albrekt Nilsen]] sitt hus i Tvedestrand. Albrekt vitna mot han, og fortalde at Håvard hadde kome omkring klokka tre om ettermiddagen og forlangte å få liggje der om natta. Då Albrekt sa nei skal Håvard ha sagt at det måtte vere betre å gi han husly enn at huset skulle stå i lue og brann. Han skal også ha trua med å slå og rive Albrekt i stykker. Albrekt fikk tak i ein annan mann, som hjelpte han å kaste ut Håvard. Då skal Håvard ha sagt at han var tilskodar då det brende på gardane Bråstad og Mjåvatn før siste jul. Albrekts tenestejente vitna også, og sa det same som mannen i huset. Dei hadde klart å få ut Håvard, og saken kunne nok ha endt der, men då Håvard kom attende og trua på ny måtte dei gå til lensmannen.
Den 3. februar 1792 fekk Håvard Hedde forklare seg i arresten på [[Haugerød (Øyestad)|Haugerød]] i [[Øyestad]]. Han sa at han var førti år gammal – han ver 34 – og at han hadde budd hos systera som var gift med Svenke Rysstad dei siste seksten åra. Om det stemmer hadde han budd hos henne sidan omkring tida då faren døydde i 1776. Han sa også at han hadde vore soldat i ti år, noko vi veit frå dei militære rullane at er rett. Då kompaniet marsjerte mot Sverige i 1788 fekk Håvard løyve frå kapteinen til å forlate avdelinga for å søkje jobb i [[Kragerø]]. Dette stemmer nok ikkje, for det står som nemnd at han hadde desertert. Han fortalte då også at fire soldatar hadde kome til Kragerø for å hente han, men at han hadde jobba i skogen og såleis unngjekk dei. At soldatane marsjerte mot Sverige skuldast den såkalla [[tyttebærkrigen]] i 1788, eit mislukka norsk felttog som var ein del av ein større europeisk konflikt. Det ser ikkje ut til at han vart straffa for deserteringa. Stiftamtmannen kontakta militæret for å finne ut om Håvard stod i rullane framleis, men han var skrive ut. Hadde han vore under militæret sin jurisdiksjon kunne det ha vore bra for han, for dei tok gjerne lettare på trugsmål enn dei sivile domstolane.
Etter å ha vore i militæret skal han ha budd i Setesdal hausten 1788, før han drog til [[Arendal]]. Så vandra han rundt og tagg eller tok arbeid der han kunne finne det i [[Telemark]], [[Nedenes amt|Nedenes]] og [[Råbyggjelaget]]. Han hadde ikkje pass eller noko anna dokument som gav han løyve til å vandre omkring.
Våren 1790 traff han ei jenta ved namn Åslaug, og ho vart gravid. Dette hende nok under vandringane hans. Meir om dette kjem nedanfor.
Rundt juletid 1791 vart han sendt til Råbyggjelaget av lensmannen i [[Holt prestegjeld|Holt]], då han var lausgangar utan pass. Han fekk ikkje arbeid i Råbyggjelaget, og gjekk til Tvedestrand. Så kom hendinga med Albrekt Nilsen. Håvard meinte nok at det ikkje var så ille, og skal ha forklara at «kan det vel hænde sig at han gav nogle onde Ord i sin Drukkenskab». Han sa at han ikkje hugsa nokre trugsmål, då han var «meget beskiænket». Han sverga på at han ikkje hadde truga nokon, og sa også at han ikkje hadde vore på Bråstad og Mjåvatn og såleis ikkje kunne ha sett brannane der. Han sa også at siste gong han var [[nattverd|til alters]] var nær [[Skien]] eit år tidlegare.
Frå avhøyret får vi også vite noko om Håvards lynne, slik han sjølv såg det. Han sa at han hadde vore som forvilla sidan ungdomsåra, og at han kunne verte rasande, særleg når han hadde fått for mykje sterk drykk. Dette var nok meint som eit forsvar, men det kan nok også vere ei god skildring. Etter at avhøyra var tatt vart saka sendt til stiftamtmannen. Han tok ut sak mot Håvard Hedde i brev til sorenskrivaren i Nedenes den 14. februar 1792.
Retten vart sett i Nedenes den 12. mars 1792. Håvard vart sittande i arresten fram til saka kom opp. I retten sto han ved forklaringa frå 3. februar, og gav også nokre fleire opplysningar, mellom anna, om kvar han hadde budd det siste året. Han hadde som nemnd vorte sendt frå Holt til Råbyggjelaget, men nå sa han at han ein gong til hadde vorte kaste ut frå Holt prestegjeld og sendt til [[Vegårshei]]. Både gonger skal han ha vorte hardt behandla, bunde på hender og føter og føysa rundt utan at han fekk vite kvifor. Så drog han heim til Setesdal, der han berre var i tre veker før han drog vidare til [[Raulandstranden]] i [[Øvre Telemark]]. Der fekk han hogst- og slåttearbeid. Så var han i Skien, der han hjelpte ein slaktedrivar i omkring tre veker. Han drog til [[Lundereid]] i [[Sannidal]], og grov grøfter i lengre tid. Så vart han sjuk, og reiste omkring i [[Gjerstad sokn|Gjerstad]], [[Holt sokn|Holt]], [[Austre Moland sokn|Austre Moland]] og Arendal og tagg til det han trengde. Han skal ha kome til Tvedestrand frå Austre Moland den 5. januar 1792 for å søkje arbeid eller almisser. Håvard fortalde også at han hadde gått til alters i [[Hylestad kyrkje]] i 1788, i [[Gjerpen kyrkje]] i 1789 og i [[Lårdal kyrkje]] i 1790. Han sa at han aldri hadde vore tiltalt for noko, og det er nok også rett. Saka med kua i 1776 var avvist, og lensmannen i Holt hadde berre kasta han ut av prestegjeldet utan å føre sak. Nok ein gong sa han at han ikkje hadde vore på Bråstad eller Mjåvatn, men han kjende til brannane då han hadde vore tre netter hos enka på husmannsplassen [[Reierselmoen]] i [[Froland]] juli 1791. I [[Fjære]] hadde han aldri vore.
Håvard sa at han aldri hadde vore gift, og at han budde hos systera på [[Rysstad (Valle)|Rysstad]] i [[Hylestad sokn]]. Han meinte at om han hadde kome med trugsmål måtte det ha vore i drukkenskap, og så innrømde han å ha sagt «Det var bedre for Dig at laane mig Huus end at see Lue om Dig inden i Morgen». Albrekt skal før han ba om husly ha gjeve Håvard ein liten dram og eit stykkje brød. Han innrømde også at han ikkje hadde pass, men kjende ikkje til at ein måtte ha det for å vandre mellom sokn.
Det gjekk ikkje så aller verst med Håvard. Domaren meinte at trugsmålet var ein «… Kaadmundenhed, som gierne følger med et af Brendeviin ophidset Sind …». Ein så gjerne mildare på det som vart sagt i drukkenskap. Han fekk ikkje nokon straff for trugsmåla, berre for lausgang og tigging. Etter ei forordning frå 1754 vart han sendt til [[tukthus]]et i [[Kristiansand]] for å arbeide der i to månader. Forstandaren der var [[Michael Glückstad]], som var [[Henrik Wergeland]] sin filleonkel. 20. mars vart domen underteikna, og 29. mars kom han til tukthuset. Han vart slept ut to månader seinare, den 29. mai. I fangeprotokollen står det at han var førti år gammal; Håvard må ha trudd at han var det. Han oppførte seg godt på tukthuset. Det er ikkje skrive om noko problem i protokollen. Det kan jo tyde på at Håvard Hedde ikkje var så vanskeleg å ha med å gjere når han ikkje hadde brennevin.