Hærem-komiteen: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
m (lenke Jonathan Aars) |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei [[kristelege ungdomsskulane]] som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og ''Hærem''-skulane. | Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei [[kristelege ungdomsskulane]] som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og ''Hærem''-skulane. | ||
Hærem var formelt sekretær, og i komiteen sat professor [[R. Tønder Nissen]] (formann), stiftsprost [[J. J. Tandberg]], sokneprest [[Jørgen Moe]], den mektige teologiprofessoren [[Gisle Johnson (1822–1894)|Gisle Johnson]], skulestyrar [[ | Hærem var formelt sekretær, og i komiteen sat professor [[R. Tønder Nissen]] (formann), stiftsprost [[J. J. Tandberg]], sokneprest [[Jørgen Moe]], den mektige teologiprofessoren [[Gisle Johnson (1822–1894)|Gisle Johnson]], skulestyrar [[Jonathan Aars]] og grosserar [[Carl Gulbranson]]. | ||
Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular. Bortsett frå [[Sogndal folkehøgskule]] fekk skulane eit kort liv: | Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular. Bortsett frå [[Sogndal folkehøgskule]] fekk skulane eit kort liv: |
Nåværende revisjon fra 13. jan. 2015 kl. 23:29
Hærem-komiteen (Komite for Indsamling af Bidrag til Understøttelse af Folkehøiskoler) var ein komité skipa i 1870 som skulle stø opp om folkeopplysning utan grundtvigianisme. Initiativtakar var indremisjonsmannen Peter Hærem.
Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei kristelege ungdomsskulane som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og Hærem-skulane.
Hærem var formelt sekretær, og i komiteen sat professor R. Tønder Nissen (formann), stiftsprost J. J. Tandberg, sokneprest Jørgen Moe, den mektige teologiprofessoren Gisle Johnson, skulestyrar Jonathan Aars og grosserar Carl Gulbranson.
Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular. Bortsett frå Sogndal folkehøgskule fekk skulane eit kort liv:
Skule | Tilskot år | Søkjar/styrar |
---|---|---|
Sogndal folkehøgskule | 1871–75 | Jakob Sverdrup |
Folkehøgskulen i Skoger, Vestfold | 1871–73 | Christen Brun |
Folkehøgskulen i Vestre Slidre, Valdres | 1872–73 | K. K. Kleve og O. K. Ødegaard |
Folkehøgskulen i Klepp og Jelsa, Rogaland | 1873–74 | T. Selmer |
Folkehøgskulen på Veøy, Romsdal | 1874–75 | Ole Moe og O. Olafsen |
Folkehøgskulen i Gjerstad, Agder | 1874–75 | |
Folkehøgskulen i Hjelmeland, Rogaland | 1874–75 | Hartvig Halvorsen og |
Kjelder
- Rui, Odd Vidar. (1999). Folkeopplysning og kulturpolitisk strid i Telemark. Viggo Ullmann og Telemark Folkehøgsule 1878-1892. Upublisert hovudoppgåve i historie. Universitetet i Oslo, s. 37-38.
- Brandal, Trygve. (2002). Hartvig Halvorsen - ein hjelmelandsbu i norsk kyrkjehistorie. Gamalt frå Suldal.