Hærem-komiteen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hærem-komiteen (Komite for Indsamling af Bidrag til Understøttelse af Folkehøiskoler) var ein komité skipa i 1870 som skulle stø opp om folkeopplysning utan grundtvigianisme. Initiativtakar var indremisjonsmannen Peter Hærem, og i komiteen sat den mektige teologiprofessoren Gisle Johnson. Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei kristelege ungdomsskulane som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og Hærem-skulane.

Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular:

  • Sogndal folkehøgskule (1871–75)
  • Folkehøgskulen i Skoger, Vestfold (1871–73)
  • Folkehøgskulen i Vestre Slidre, Valdres (1872–73)
  • Folkehøgskulen i Klepp og Jelsa, Rogaland (1873–74)
  • Folkehøgskulen på Veøy, Romsdal (1874–75)
  • Folkehøgskulen i Gjerstad, Agder (1874–75)
  • Folkehøgskulen i Hjelmeland, Rogaland (1874–75)

Kjelder

  • Rui, Odd Vidar. (1999). Folkeopplysning og kulturpolitisk strid i Telemark. Viggo Ullmann og Telemark Folkehøgsule 1878-1892. Upublisert hovudoppgåve i historie. Universitetet i Oslo, s. 37-38.