Hærem-komiteen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2013 kl. 12:14 av Oddloho (samtale | bidrag) (utviding)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hærem-komiteen (Komite for Indsamling af Bidrag til Understøttelse af Folkehøiskoler) var ein komité skipa i 1870 som skulle stø opp om folkeopplysning utan grundtvigianisme. Initiativtakar var indremisjonsmannen Peter Hærem.

Hærem var formelt sekretær, og i komiteen sat professor R. Tønder Nissen (formann), stiftsprost J. J. Tandberg, sokneprest Jørgen Moe, den mektige teologiprofessoren Gisle Johnson, skulestyrar J. Aars og grosserar arl Gulbranson.

I komiteen sat elles

, og i komiteen sat den mektige teologiprofessoren Gisle Johnson. Komiteen vart etablert som ein reaksjon på skipinga av dei mange grundtvigianske folkehøgskulane i åra før, og støtta gjekk til pietistiske og luthersk ortodokse skuletiltak. Teologisk er dei i slekt med dei kristelege ungdomsskulane som vart etablerte frå 1893, men det er ikkje noko direkte samband mellom desse skulane og Hærem-skulane.

Frå 1871 til 1875 gav komiteen kring 2000 spd. i støtte til åtte folkehøgskular:

Skule Tilskot år Søkjar/styrar
Sogndal folkehøgskule (1871–75) Jakob Sverdrup
Folkehøgskulen i Skoger, Vestfold (1871–73) Christen Brun
Folkehøgskulen i Vestre Slidre, Valdres (1872–73) K. K. Kleve og O. K. Ødegaard
Folkehøgskulen i Klepp og Jelsa, Rogaland (1873–74) T. Selmer
Folkehøgskulen på Veøy, Romsdal (1874–75) Ole Moe og O. Olafsen
Folkehøgskulen i Gjerstad, Agder (1874–75)
Folkehøgskulen i Hjelmeland, Rogaland (1874–75)

Kjelder

  • Rui, Odd Vidar. (1999). Folkeopplysning og kulturpolitisk strid i Telemark. Viggo Ullmann og Telemark Folkehøgsule 1878-1892. Upublisert hovudoppgåve i historie. Universitetet i Oslo, s. 37-38.