Foto: Jørgen Høydalsmoen, 1925 / Vest-Telemark Museum
Høydalsmo er ein tettstad i Tokke kommune i Telemark. Staden har fått namn frå garden der kyrkja stend på Høydalsmoen. Staden ligg ved E134, mellom Morgedal og Åmot. Fylkesveg 45 startar her og gjeng vidare til Setesdal. Ein person som kjem frå Høydalsmo kallast for ein "høysekk".