Halfdan Cock-Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Halfdan Cock-Jensen
Foto: Ukjent.

Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Han hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.»

Bakgrunn og utdanning

Foreldra var skipsførar Hans Cock-Jensen og hustru Hermine Johanne fødd Pedersen. Sjølv var Halfdan Cock-Jensen ugift. Barndomsheimen hans var Vellerøgaden 14 på Langestrand.

Han tok middelskoleeksamen i Larvik i 1880 og artium som privatist i 1882. Året etter byrja han på filologistudium i Kristiania (latin, gresk, tysk og norsk), men avbraut studiane etter kort tid. Seinare (1888) gjekk han opp på nytt til artium for å betre karakterane. Men i staden for å ta opp att universitetsstudiane, utdanna han seg til lærar med eksamen frå Kristiansands seminar i 1890.

Journalist og lærar

Etter å ha avbrote studiane i Kristiania livnærte Cock-Jensen seg med lærarvikariat (ved Larvik middelskole, Ringerike middelskole, Aars og Voss skole i Kristiania) og som tekstforfattar i skjemtebladet Vikingen (1883-1885). Samstundes var han medarbeidar og periodevis redaktør av Laurvigs Blad.

Fyrste tilsetjinga etter lærarskolen var ved Bergen folkeskole (1890-1892), deretter Kristiansunds folkeskole (1892-1895). Frå 1895 til 1903 var han styrar ved den nyoppretta amtsskolen i Elverum. Medan han var der var han med på å få i gang Elverums arbeiderakademi. Etter Elverum var han ei tid i Nord-Noreg som inspektør ved Hadsel middels- og folkeskole. Siste faste lærarstillinga hans var ved Langesunds middel- og folkeskole frå 1906-1909, men han hadde fleire engasjement ved husstell- og landbruksskolar, derunder som spesiallærar ved Statens lærerinneskole i husstell. Han dreiv sidan mykje kursverksemd for småbrukarar.

I 1898 og 1901 var Cock-Jensen på stipendreiser i Danmark, fyrste gongen for å studere ungdomsskuleverksemda der, og andre gongen smånæringane.

Småbruk og organisasjonsarbeid

Heilt frå sin fyrste ungdom hadde Cock-Jensen hatt sterk interesse for landbruk, særleg for smånæringar som fjørfe, biavl og hagestell. I 1909 byrja han ein ny fase i livet, basert på denne hovudinteressa. Han kjøpte småbruket Mailand i Lørenskog, og dreiv det som eit mønsterbruk saman med sin nære medarbeidar Henrik Egeberg. Mailand vart utgangspunktet for ei ny, stor rørsle, småbrukarrørsla. Det vart halde mange kurs der, og vart rekna nærmast som ein småbruksskole.

I tidsrommet 1907-1911 var Cock-Jensen redaktør for Tidsskrift for Biskjøtsel. Frå 1911 gav Cock-Jensen og Egeberg ut Tidsskrift for Smaabrug og Egne Hjem, som seinare (frå 1937) vart medlemsblad for Småbrukarlaget med tittelen Bonde og Småbruker. Cock-Jensen var redaktør fram til han døydde.

Cock-Jensen og Egeberg stod også saman i arbeidet med å få i gang Småbrukarlaget frå 1913. Cock-Jensen var fyrste leiaren i organisasjonen, fram til 1918.

Cock-Jensen hadde ei rekkje offentlege verv knytta til landbruket og småbruksnæringane. Mellom anna var han medlem i ein departemental komite som utgreidde spørsmålet om småbrukarundervisning (1912-1913), og som førde til opprettinga av Statens småbrukslærerskoleSem i Asker 1914.

Forfattar

I tillegg til journalistikken og redaktørarbeidet, har Cock-Jensen gjeve ut ei rekkje bøker og skrifter. Fyrste boka hans gav han ut var ein beskrivelse av Larvik og omegn. I 1890-åra kom to band med det han kallar «naturhistoriske skisser» (Fra dyrenes verden og Fuglekvidder og Fiskeleg). Sidan vart det særleg handbøker i smånæringar og småbruksdrift.

Kjelder og litteratur

  • Hasund, Sigvald: Artikkel om Cock-Jensen i Norsk biografisk leksikon.
  • Mo, Kristian: Norsk Bonde og Småbrukarlag 1913-1963.
  • Norsk allkunnebok
  • Studenterne fra 1882. Biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum. Kristiania 1907.
  • Studentene fra 1882. Fest- og minneskrift til 50-årsjubileet 1932. Oslo 1932.
  • Halfdan Cock-Jensen i Historisk befolkningsregister