Halfdan Cock-Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg.

Foreldra var skipsførar Hans Cock-Jensen og hustru Hermine Johanne fødd Pedersen. Sjølv var han ugift. Han tok middelskoleeksamen i Larvik i 1880 og artium som privatist i 1882. Året etter byrja han på filologistudium i Kristiania (latin, gresk, tysk og norsk).

Cock-Jensen avbraut universitetsstudiane etter kort tid. I staden livnærte han seg med lærarvikariat ved Larvik middelskole, Ringerike middelskole, Aars og Voss i Kristiania) og som tekstforfattar i skjemtebladet Vikingen (1883-1885). Samstundes var han medarbeidar og periodevis redaktør av Laurvigs Blad.

I 1888 tok han opp att artium for å forbetre karakterane. Han tok lærareksamen ved Kristiansands seminar i 1890. Fyrste tilsetjinga som lærar var ved Bergen folkeskole (1890-1892), deretter [[Kristiansunds folkeskole]] (1892-1895). Frå 1895 til 1903 var han styrar ved den nyoppretta amtsskolen i Elverum. Medan han var der var han med på å få i gang Elverums arbeiderakademi. Etter Elverum var han ei tid i Nord-Noreg som inspektør ved Hadsel middels- og folkeskole. Siste faste lærarstillinga hans var ved Langesunds middel- og folkeskole frå 1906-1909, men han hadde fleire engasjement ved husstell- og landbruksskolar, derunder som spesiallærar ved Statens lærerinneskole i husstell. Han dreiv sidan mykje kursverksemd for småbrukarar.