Hans Hyldbakk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Hyldbakk (fødd 8. mai 1898 i Surnadal. død 18. august 2001 same stad) var diktar og lokalhistorikar. Som diktar er han særleg kjend for «Vårsøg», som etter å ha vorte tonesett av sambygdingen Henning Sommerro er kåra til Norges vakraste vise. Og som lokalhistorikar opna han ny mark med Husmenn og husmannsplassar i Surnadal frå 1942, det fyrste verket som systematisk tok for seg husmenn og familiane deira som ein del av gards- og slektshistoria.

Slekt og familie

Han var son av tømmermann Peder Pedersson Hyldbakk (1860–1953) og Rannei Eriksdotter Øien (1862–1927).

Sjølv vart han ikkje gift, og han etterlet seg ikkje born.

Liv og virke

Som ung gut arbeidde han som gardsdreng, før han vart bokseljar og salsagent for Moss Bomuldsvæveri. I 1923 kom han i kontakt med styrar Eirik ØveråsNordmøre folkehøgskule, og dette gav han inspirasjon til å tenke i nye banar. Han vart medarbeidar i avisa Heimveg, som skulen gav ut. Der utvikla han språket, som var stilsikkert, men alltid med ein munnleg undertone. Seinare, frå 1939, var han redaktør i denne avisa inntil han la ned drifta i protest mot nazifiseringa i 1942.

Gjennom skrivinga i Heimveg fekk han sjølvtillit nok til å gje ut ei diktsamling i 1929, Harpespel. Her kom det som vart hans mest kjende dikt, «Vårsøg». Mellom anna dette og «E slåttatæja» er skrivne på dialekt, medan dei fleste dikta i samlinga er på normert nynorsk. Tekstar på dialekt kan vere vanskeleg tilgjengelege for eit større publikum, og «Vårsøg» fekk ikkje så mykje merksemd i starten. Det var fyrst da det vart tonesett, og dermed munnleg framført at det fann vegen inn i den norske folkesjela. Det vart ein lang diktarkarriere, med fleire samlingar og bidrag til antologiar. Den tiande og siste samlinga kom det året han fylte hundre år.

Romanforfattar vart han ikkje, men han freista i 1930 lukka med eit manus. Romanen Gunnar Hjelen sende han til Aschehoug forlag, men då han vart refusert brende han manuset.

Som lokalhistorikar er han kjend som «småkårsfolkets historikar». Husmenn og husmannsplassar i Surnadal frå 1942 er eit pionerverk. Eit trekk ved den eldre gards- og slektshistoria er at dei fleste husmannsfamilier er fråverandre. Ein kan tolke det på mange vis - ei nedlatande haldning til husmannsfolk, vanskelege kjeldetilhøve, spørsmålet om kven det var som hadde råd til å kjøpe bøkene og så bortetter. I dag er det gjerne oppfatta som naturleg at husmannsfolket òg er med i gards- og slektshistoria, og Hyldbakk var den fyrste som satsa tungt på dette.

I løpet av karriera som lokalhistorikar skreiv han bygdebøker for seks kommunar, og i alt kring 11 000 sider. Sjølv om dei fleste truleg tenkjer mest på han som diktar, var det lokalhistorikar han sjølv identifiserte seg som. Diktinga var ein hobby. Dette blir sagt å vere grunnen til at han aldri søkte seg til noko litterært miljø, men i staden kjende seg heime i det lokalhistoriske miljøet. Det er samstundes eit uløyseleg band mellom lokalhistoria og diktinga - kjærleiken til heimbygd og medmenneske er det sentrale.

Lokalhistorie har sjeldan gjort nokon til rikskjendis, og det tok lang tid før dikta hans nådde det store publikum. Sjølv i heimbygda var han ikkje særleg populær i lang tid. Han budde for seg sjølv på Kleiva, og var nok litt for frittalande for mange av bygdefolket. Lenge var det einaste oppslagsverket som hadde artikkel om han Norsk Allkunnebok. Og dei trefte ikkje heilt blink, for artikkelen byrjar med «Hyldbakk, Hans Pedersen (1898–1947)». Hyldbakk protesterte aldri på at dei skreiv at han døydde i 1947, han meinte at det er godt med alt som er unnagjort.[1] Fyrst i 1970-åra byrja han få større anerkjenning. Han skreiv Brev frå Kleiva i avisa Driva, og desse vart oppdaga. Den fyrste prisen, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, fekk han i 1973. Norsk kulturråds pris for lokalhistorie fekk han i 1976. Dermed byrja han byggje seg opp eit ry i litterære og akademiske kretsar. Men det store gjennombrotet kom i 1977 då Sommerro tonesette «Vårsøg». I 1995 samla Vidar Sandem fleire av tekstane hans til stykket No skin det sol, som sette publikumsrekord for Teatret Vårt, og som fekk gjere gjestespel på Det Norske Teatret. I 1994 fekk Hyldbakk Kongens fortenestmedalje i gull.

Han reiste aldri utanlands, og forlet sjeldan nærområdet. Men som lokalhistorikar reiste han mykje rundt på Nordmøre, i Romsdal og i Trøndelag. Han levde nøysamt, og mot slutten av livet kunne han testamentere nær ein million kroner til kultur- og lokalhistorisk arbeid (men ikkje til stjerneidrett eller fotball) i Surnadal kommune, og han gav også husa sine på Kleiva til kommunen. Kleivaprisen og tilskot frå Kleivafondet vert delt ut årleg.

Utafor kommunehuset på Skei er det reist ei byste av Hyldbakk, noko han sjølv kommenterte: «Eg hasr fått hauvet mitt på stake på Skei».[2]

Bibliografi

Lyrikk

Prosa

Lokalhistorie

Referansar

  1. Sæter 1998: 16.
  2. Sæter 1998: 10.

Litteratur og kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.