Haraldshaugen (Haugesund): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 19: Linje 19:
Forretningsmannen Ludolf Eide i Haugesund presenterte i 1863 ideen om å reisa eit minnesmerke over Harald Hårfagre i samband med 1000-års markeringa av slaget i Hafrsfjord. 872 var det offisielle årstalet for slaget (dei fleste historikarar vil vel no tidfesta det til ein gong i siste del av 800-talet). Arbeidet til den første jubileumskomiteen stoppa snart opp, men ein ny komite etablert i 1869 fekk fart i prosjektet. Pengar vart samla inn, og arkitekt Christian Christie lagde to utkast til monument. Vinnarutkastet viste ein obelisk omgitt av 29 steinar som symboliserte dei fylka ein meinte Harald hadde samla. Det endelege mnumentet vart endra noko, mellom anna ved at obelisken stod på ein jordhaug i staden for på eit trappearrangement.  

Haugesund-komiteen fekk ein avleggjarar i Christiania som skulle bistå med arrangementet. Ein freista å engasjera dei største kulturpersonlegdomane i samtida, noko som viste seg slett ikkje å vera så enkelt. Ole Bull, som oppheldt seg i Amerika, blei kontakta. Han starta ein innsamlingsaksjon for jubileet, men det viste seg etter kvart at han ville bruka midlane til eit fyrtårn ved Hafrsfjord i staden for eit monoment i Haugesund. Bjørnstjerne Bjørnson såg på seg sjølv som den naturlege festtalaren ved avdukinga av monumentet, men riksarkivar Birkeland advarte festkomiteen med at det ville høva dårleg at republikanaren Bjørnson skulle bidra til å feira det norske monarkiet.
Haugesund-komiteen fekk ein avleggjarar i Christiania som skulle bistå med arrangementet. Ein freista å engasjera dei største kulturpersonlegdomane i samtida, noko som viste seg slett ikkje å vera så enkelt. Ole Bull, som oppheldt seg i Amerika, blei kontakta. Han starta ein innsamlingsaksjon for jubileet, men det viste seg etter kvart at han ville bruka midlane til eit fyrtårn ved Hafrsfjord i staden for eit monoment i Haugesund (det blei ikkje noko av fyrtårnet og Bull tapte pengar på prosjektet). Bjørnstjerne Bjørnson såg på seg sjølv som den naturlege festtalaren ved avdukinga av monumentet i Haugesund, men riksarkivar Michael Birkeland advarte festkomiteen med at det ville høva dårleg at republikanaren Bjørnson skulle bidra til å feira det norske monarkiet. Dermed måtte Bjørnson halda seg heime. Jubileumskomiten freista elles å få Henrik Ibsen til å skrkiva ei kantate. Ibsen likte ille formuleringane i brevet han mottok i Dresden, og sende eit krasst svarbrev til komiteen. Etter at Birkeland hadde verka som "fredsmeklar" gjekk likevel diktarhøvdingen med på å skriva ei kantate. Ibsen kom ikkje sjølv til Haugesund, men godtok at bergensaren Morten Beyer skulle framføra kantaten. Det kom også inn sangar og dikt frå mellom andre Jonas Lie, Jørgen Moe og Andreas Munch. Heller ikkje politikarar var så enkle å ha med å gjera. Venstre-leiaren Johan Sverdrup ville ikkje vera med i festkomiteen. Grunnen skal ha vore at han ikkje ville feira ein konge som hadde teke odelen frå folk.